Hopp til innhold

Fann den siste av dei sakna

Politiet stadfestar at det var den sakna Holger Andre Løkka (17) fra Ålesund som vart funnen død i sjøen i Haram søndag ettermiddag.

Søk etter dødsulykke Haram

Ein død person vart funnen i sjøen ved Haram søndag ettermiddag.

Foto: NRK

- Vi fekk melding klokka 12.27 søndag om at ein person er funnen i sjøen, seier operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre politidistrikt til NRK.

Identifisert

Mannen er no identifisert. Og det var den siste av dei sakna frå forliset på Lepsøyrevet fredag kveld.

Funnet kom etter eit finsøk med dykkarar. Løkka vart funnen om lag tretti meter unna staden der det vart funne ein omkomen laurdag.

Leiteaksjonen blir no avslutta. Pårørande er varsla.

Etterforskinga av sjølve ulykka har gått parallelt med søks- og redningsarbeidet. Tjønnøy kan ikkje seie noko om årsaka til ulykka.

Omfattande søk

Søket vart gjenopptatt i 9-tida søndag, etter å ha blitt avslutta ved 21.30-tida laurdag. Tretti personar frå Røde Kors deltok i søket. Det same gjorde to hundeekvipasjar frå Norske Redningshunder, politiet, redningsskøyta Emmy Dyvi og dykkarar frå Ålesund brannvesen.

Situasjonen søndag morgon var at to personar var funne omkomne, og ein tredje var sakna etter båtulykka i Haram på Sunnmøre. Dei omkomne var 37 år gamle Janne Elise Jørgensen og 40 år gamle Bjørn Leif Flem, begge frå Longva i Haram.

Leiteaksjon Lepsøyrevet forlis

Mange folk har deltatt i søke- og leitearbeidet etter ulykka.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Haram-ordførar Bjørn Sandnes seier til NRK at ulykka har gjort eit sterkt inntrykk på lokalsamfunnet. Han er leiar for krisegruppa i kommunen, og seier at det er to familiar som er spesielt hardt ramma.

Frå Haram og Ålesund

Fem av dei som var ombord i båten var frå Haram, den sjette frå Ålesund.

Ulykka skjedde ganske nær land, i fint ver. Ein av dei overlevande, ei kvinne, svømte sjølv til land.

Operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt seier til NTB at dei overlevande har forklart at dei var på veg nordover frå Ålesund til Nordøyane:

- Plutseleg køyrde dei på noko, slik at båten bråstoppa og tok inn mykje vatn, seier Tjønnøy.

Båten forlis Lepsøyrevet

Fritidsbåten på 23 fot vart dratt opp på land etter ulykka.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

To av dei tre skadde er innlagde ved Ålesund sjukehus. Ei kvinne, fødd i 1984, er alvorleg skadd, men tilstanden er stabil. Ein mann, fødd i 1977, er lettare skadd. Den tredje, ei ung kvinne, har fått behandling for lettare skadar.