Hopp til innhold

Vil deponere miljøavfall i rein fjord – sjømatnæringa i harnisk

Milliardnæringa er heilt avhengige av det reine sjøvatnet i Ellingsøyfjorden. Likevel blei dei ikkje spurt før kommunen kom med forlsag om giftdeponering. – Eit tillitsbrot, uttaler dei.

Fiskerianlegg på Ellingsøya i Ålesund

Fiskerianlegget til Jacob Bjørge AS på Ellingsøya.

Foto: Jacob Bjørge AS

– Vi er ein del av eit stort globalt konsern som vel å satse i Noreg, mykje basert på omdømmet Noreg har. Du stolar på at det du får i Noreg er reint og trygt. Den historia vi sel blir vanskeleg å sameine med eit giftdeponi på den andre sida av fjorden, seier Tormod Thomsen i Firmenich Bjørge Biomarin.

Tormod Thomsen

Tormod Thomsen i Firmenich Bjørge Biomarin forstår lite av forslaget om strandkantdeponi i Ellingsøyfjorden.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Konsernet dei er ein del av omset for 30 milliardar kroner i året. Saman med resten av sjømatnæringa på Ellingsøya går dotterselskapet no kraftig ut mot forslaget om giftdeponi i fjorden.

Det er gamle miljøsynder i Aspevågen i Ålesund som no blir foreslått lagra i eit strandkantdeponi innan 2019.

Over 100.000 tonn giftige sediment skal deponerast.

Eit felles opprop, signert ti store aktørar i sjømatnæringa, meiner det føreslåtte strandkantdeponiet vil rasere fiskeproduksjonen. Den 80 år gamle bedrifta Jacob Bjørge seier dei har vore avhengige av sjøvatnet i generasjonar.

– Skulle det skje at vi ikkje får høve til å bruke det framover, så er det byrjinga på slutten, meiner Jacob Høyberg i Jacob Bjørge.

Deponiprotest

Dei smiler på bildet, men Kjetil Aarseth (Gustav Stokke AS), Palmar Sperre (Nils Sperre AS), Tormod Thomsen (Firmenich Bjørge Biomarin), Jacob Høyberg (Jacob Bjørge AS) og Lena Høyberg (Jacob Bjørge AS) går kraftig ut mot planane om eit strandkantdeponi i Ellingsøyfjorden. Dei avbilda representerer ti store sjømatbedrifter frå Sunnmøre med milliardomsetnad.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Vi føler oss overkøyrde

Høyberg stiller spørsmål ved om Ålesund kommune veit kva dei held på med.

Jacob Høyberg

Jacob Høyberg meiner Ålesund kommune burde tatt den enorme matvareproduksjonen på Ellingsøya med i rekninga når dei skal lagre 100.000 tonn giftige sediment.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Veit dei kva som skjer på Ellingsøya av produksjon? Eg kan ikkje forstå at dei er klare over situasjonen.

– Føler du industrien er tatt omsyn til i utgreiinga til Norconsult?

– Det står ingenting om det, vi føler oss overkøyrde. Det er 10–12 minutt å køyre frå Ålesund inn hit, fleire frå administrasjonen burde tatt seg ein tur for å sjå kva som føregår her.

Næringa på Ellingsøya fryktar forureining i fjorden når mellom anna kvikksølv og bly skal lagrast i fjorden.

Kommunen: – Positivt for omdømmet

Nærare 600 menneske er sysselsett i dei ti bedriftene. I den daglege drifta hentar dei sjøvatn midt ute i fjorden.

Palmar Sperre

Palmar Sperre i Nils Sperre AS er uroleg for framtida om miljøavfall blir lagra i fjorden dei nyttar.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Etter krav frå Mattilsynet må vi på djupt vatn og dokumentere at det er ei rein nok vasskjelde til produksjonen du skal drive, fortel ein uroleg Palmar Sperre i selskapet Nils Sperre AS.

Han fortel vidare at vatnet blir reinsa i UV-anlegg, men at slike anlegg ikkje vil kunne fjerne tungmetall.

Også Sperre er uroa for framtidig profilering dersom Ålesund kommune plasserer eit deponi ved fjorden. Thomsen i Firmenich seier det likevel tydlegast:

– Omdømmemessig er dette heilt håplaust. Sjølv utan lekkasjar vil eit giftdeponi i nærleiken vere øydeleggjande når vi skal selje sjømat frå Noreg.

Rose Mari Refsnes i Ålesund kommune meiner frykta for lekkasjar er ugrunna, men ho forstår uroa.

– Frå vår side er dette eit miljøprosjekt. Vi trur det vil vere positivt for omdømmet at Ålesund ryddar opp i fjorden og fjernar forureininga.

Innspelet frå næringa blir tatt med inn mot behandling på politisk hald i Ålesund, opplyser Refsnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL