Hopp til innhold

Skummel skapning skjuler seg i juletreet - Sjekk katten for flått

Det er grønt, og det glitrar. Men under grannålene kan det ligge ein liten krabat som vil ha tak i katten din.

Juletre

Pynting av juletre er toppen på familieidyll. Men under grannålene kan flåtten ligge og lure. Han kastar seg meir enn gjerne over deg eller katten din.

Foto: Colourbox

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flåtten lever, sjølv om han normalt ikkje er aktiv på vinters tid. Men han overvintrar. Og særleg på snørike vintrar overlever han i hopetal. Granbuskene er ynda overvintringsplassar for flåtten.

Veterinær, Olaf Birkeland.

Veterinær Olaf Birkeland.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Ja, flåtten overlever godt vintrane. Og særleg på ein snørik vinter som denne, fortel veterinær Olaf Birkeland til NRK.

– Trudde ikkje det var sant

Dei siste åra er veterinær Olav Birkeland blitt kontakta av folk som har flått på katten sin i jula. Første gongen trudde han ikkje det kunne vere sant.

– Det skjer som regel tredje juledag. Første gongen trudde eg ikkje det kunne vere sant. For flåtten er jo sjeldan aktiv i desember, og særleg ikkje når det er kaldt ute. Men då katteeigaren fortalte at katten likte å klatre i juletreet, då skjønte vi samanhengen, fortel Birkeland.

– Sjekk katten

Olaf Birkeland seier det er katten som er det husdyret som kan vere mest utsett for flått frå juletreet. Flåtten ligg i skjul i juletreet og ventar til katten kjem nær.

– Kattane er mest utsett. Nokre av dei likar godt å klatre i juletrea, og då kjem dei snublande nær flåtten. Men har du ein hund som likar å drikke av vatnet på juletrefoten for eksempel, så blir han også utsett. Også menneske som kjem nær juletreet kan jo også bli utsett for dette, seier han.

Flåtten vaknar i varmen

Flåtten lever, men er ikkje aktiv i kulde. På milde vintrar kan flåtten vere aktiv også ute i naturen året rundt. I kuldeperioden heile Noreg opplever no, skal flått normalt ikkje vere noko problem. Men flåtten på juletreet vaknar fort når treet kjem inn i varmen.

– På Vestlandet har vi hatt desembertemperaturar opp i 12/15 grader. Då har flåtten vakna. På same måten vaknar flåtten på treet når dette blir teke inn for pynting. Det er lurt å sjekke katten godt, første veka etter at juletreet er teke inn i huset, seier Olaf Birkeland til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL