Hopp til innhold

Gyting rekordlangt nord: – Faktisk ganske sensasjonelt

Aldri før har silda gytt så langt nord som i år. Store deler av kystflåten endrar planane sine og droppar jakta på gyteklar sild.

Toktet etter norsk vårgytande sild går føre seg her utanfor Senja. Eros er leigd inn av havforskingsinstituttet

Her utanfor Senja i Troms går føre seg no leitinga etter gyteklar sild. I årevis har gytinga gått føre seg i områda mellom Stad og Lofoten. No førebur silda seg på å gyte rekordlangt nord.

Foto: Are Salthaug / Havforskingsinstituttet

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er Havforskingsinstituttet som er ute på tokt etter silda, det som har vore kalla «havets sølv». Enorme mengder sild har vore fangsta langs norskekysten hundrevis av år og vore med på å gjere Noreg til ein av verdas største fiskerinasjonar.

Noko er i ferd med å skje. Dei siste tre åra har silda lagt gytinga si til stadig nordlegare farvatn. Medan silda tidlegare hadde store gyteområde på Mørebankane har silda dei siste åra ikkje kome lenger sør enn Røst i Lofoten.

– Det kan virke som om gytevandringa er i ferd med å bli endra. Og dette er faktisk ganske sensasjonelt. Vi har ikkje data frå fiskeri eller tokt som viser at dette har skjedd før, seier havforskar Are Salthaug.

Silda står no vest for Røst, nord for Lofoten, Vesterålen og Senja og er klar til å gyte.

Forskere og fiskere følger spent med på ekkolodd og trålsonar mens Eros prøver å treffe en liten sildestim med den pelagiske trålen. Stimen kom inn i trålen til slutt slik at det kunne bli tatt biologiske prøver av silda og litt lodde i fangsten.
Fra venstre: Hallgeir Tarberg (styrmann på Eros), Pål-Cato Reite (skipper på Eros), Are Salthaug (toktleder, HI) og Lage Drivenes (instrumentsjef, HI).

Fredag 23. februar 2024: Forskarar og fiskarar følgjer spent med på ekkolodd og trålsonar medan Eros prøver å treffe ein liten sildestim med den pelagiske trålen. Stimen kom inn i trålen til slutt slik at det kunne bli teke biologiske prøver av silda og litt lodde i fangsten. Frå venstre: Hallgeir Tarberg (styrmann på Eros), Pål-Cato Reite (skipper på Eros), Are Salthaug (toktleiar, HI) og Lage Drivenes (instrumentsjef, HI).

Foto: Christine Djønne / Havforskingsinstituttet

Endringa starta i 2020

Ifølgje Salthaug starta endringa i 2020. Då innførte den store årsklassen frå 2016 ein ny trend. Denne silda var då fire år gamal og klar for si første gyting.

– 2016-årsklassen ser ut til å ha ei rolle i denne endringa. Denne årsklassen «nekta» å symje sørover til dei tradisjonelle gytefelta. Og kanskje resten av silda har vore med i dragsuget? Til og med dei eldre, spør Salthaug.

Christine Djønne (t.v.) og Inger Henriksen ved sorteringsbordet i laben om bord på Eros. På forskingstokt for Havforskingsinstituttet. På bordet ligg det mykje sild.

Christine Djønne (til venstre) og Inger Henriksen frå Havforskingsinstituttet ved sorteringsbordet i laboratoriet om bord på «Eros». Utanfor Senja har dei funne mykje gyteklar sild.

Foto: Are Salthaug / Havforskingsinstituttet

Les også Forskarar meiner fjordsilda ikkje er så sunnmørsk som mange har trudd

Sild frå Svinøyhavet på Sunnmøre

Droppar jakt på rognsild

På Ellingsøya i Ålesund held kystnotfartøyet MS «Storegg» til. «Storegg» jaktar på både sild, makrell og lodde med snurpenot.

Men dei siste åra har det vore lite aktuelt å gå etter den gyteklare silda. Når silda stoppar langt nord gyt gjerne silda i farvatn som ikkje er så gunstig for denne delen av kystflåten.

– Dei siste åra har vi henta vår del av kvoten i fjordar nord i landet, som Altafjorden og Kvænangen. Vi har fiska norsk vårgytande sild både på hausten og i januar. For oss er dette den beste løysinga, seier Kay Erik Stokke på MS «Storegg».

Kystnotbåten Storegg under sildefiske.

Her er «Storegg» i gang med sildefiske sist haust.

Foto: Mats K Blindheim / Storegg

At silda held seg langt i nord i samband med gytinga er slett ingen fordel for «Storegg».

– Det er fleire fordelar med å kunne fiske på Buagrunnen på Romsdalskysten, ikkje minst fordi vi då er nær mange dyktige fiskekjøparar. Vi hadde gjerne fiska her sør. Storleik på kvote og også prisforskjell på rognsild er viktige moment, seier Stokke.

Dette kjem i tillegg til at gyteområda utanfor Mørekysten er mindre utsett for ver, vind og straumar enn i dei noverande gyteområda i nord.

Han meiner endringa i vandringsmønster byggjer på naturlege variasjonar.

– Silda har historisk endra vandringsmønsteret og gytinga har i lange periodar gått føre seg lenger sør, og dei siste åra har silda valt å gyte lenger nord, seier Stokke.

Medan silda gjer seg klar til å gyte ligg «Storegg» heime på Ellingsøya i Ålesund og gjer seg klar til kystflåten sitt fiske etter lodde.

2017: Eventyrleg sildefiske på Buagrunnen No er det sildeaction på romsdalskysten

Fiskebåtane i kø på mottaket

Trålpose med sild på Eros som er på oppdrag for Havforskingsinstituttet.

Under toktet brukar fartøyet «Eros» pelagisk trål, ein flytetrål som er tilpassa tråling etter sild. Saman med bruk av ekkolodd undersøker dei mengde, alderssamansetning og storleik på silda.

Foto: Are Salthaug / Havforskingsinstituttet

Klimaendringar

Ifølgje Miljødirektoratet er Norskehavet i ferd med å bli både varmare og surare. I 75 år har målestasjonen M (Mike) langt ute i Norskehavet målt temperaturen. Frå 80-talet har temperaturen på djupt vatn stige med 0,2 grader. Det viser målingar frå 2022.

Dei same målingane viser at vatnet er blitt surare.

Men Havforskingsinstituttet har så langt ikkje konkludert med at det er endringar i miljøet som har ført til at silda vel å gyte lenger nord enn før.

– Vi har sett på ein del klimadata og tilgang på plankton, men vi har ikkje sett nokon samanhengar enno. Det ser med andre ord ikkje ut til å vere nokon brå endringar i miljøet som samsvarer med at silda «plutseleg» begynte å gyte lenger nord rundt 2021. Men det kan sjølvsagt ikkje utelukkast at det finst slike samanhengar, seier Are Salthaug.

Eit forskingsprosjekt i 2019 tyda imidlertid på at høgare temperatur i havet kunne gje følgjer for maten som silda er avhengig av.

Les også Varmere hav gir mindre sild:  – Det er nesten som at noen har slått av en bryter

Sildelossing i motlys. Steinesjøen i Bø.

Begynte leitinga ved Stad

Havforskarane begynte leitinga etter silda på dei tradisjonelle sildefelta ved Stad. Der var det ikkje ei sild å finne. Med fiskefartøya «Eros» og «Vendla» passerte skipa dei tradisjonelle gytefelta ved Svinøy og Runde, vidare forbi Buagrunnen og Træna.

Først ved 60 nautiske mil vest-sørvest for Røst dei på gyteklar sild. Langs Lofoten står silda for det meste ute langs eggakanten og ved Vesterålen står det også sild inne på bankane.

– Det er veldig spesielt at gytebestanden ikkje lenger ser ut til å bevege seg sør for Røstbanken, seier Are Salthaug.

Slik har Eros, innleigd av Havforskingsinstituttet bevega seg det siste døgnet i leitinga etter gyteklar sild.

Slik har fiskefartøyet «Eros» bevega seg i leitinga etter gyteklar sild. Fartøyet er innleigd av Havforskingsfartøyet.

Illustrasjon: Skjermdump / Marine Traffick

Les også Det kan gå mot lysare tider for norsk sildefiske

GmPKXm2v8Ek

– Silda er lunefull

Ifølgje Havforskingsinstituttet er det for tidleg å seie om silda har endra vandringsmønster og gyteområde for godt. I dag overvintrar store delar av den norske vårgytande silda i områda ved Kvænangen. Ingen veit kva som skjer om silda tek vinteropphaldet i andre område.

– Avstanden til Mørebankane blir stor om silda skal vandre heilt frå dei nordaustlege delane av Norskehavet. Men mykje kan skje om silda vel å overvintre andre stader. Silda er som kjent lunefull. Plutseleg kan det kome ei ny, sterk årsklasse inn i gytebestanden. Dersom denne vel å symje lenger sør kan det godt hende at denne dreg med seg andre årsklasser på vegen sørover igjen, seier havforskaren til NRK.

Her fann Havforskingsinstituttet gyteklar sild

I desse områda fann Havforskingsinstituttet gyteklar sild under toktet som blei avslutta 23. februar i år. Dess lenger nord dess yngre var den gyteklare silda.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL