Hopp til innhold

No er det sildeaction på romsdalskysten

Båtar fullasta med sild ligg i kø for å losse . – Det er grisemykje sild der ute, seier fiskar Knut Henning Adamsen.

Fiskebåtane i kø på mottaket

Ved fiskemottaket Vikomar ventar båtane på tur for å få losse.

Foto: Roar Strøm / NRK

Knut Henning Adamsen

Fiskar Knut Henning Adamsen er ivrig etter å kome seg ut att på sjøen og fiske meir sild.

Foto: Roar Strøm / NRK

I førre veke kom silda sørover til Buagrunnen på romsdalskysten. Det betyr hektiske dagar ved fiskemottaket Vikomar i Bud i Fræna. Båtane ligg og ventar på tur for å få lossa fisken, slik at dei snarast mogleg kjem seg ut på fiskefeltet igjen.

Spjæringen Senior frå Hvaler venta i to dagar, før dei endeleg fekk silda i land. Det hasta, for i kveld er det meldt kuling og målet er å sette nota i vatnet før vinden kjem.

– Det er grisemykje sild. Veldig mykje. Problemet er å finne dei flekkane vi kan fiske på med godt samvit, slik at vi ikkje set heile nota i ein svær haug med sild, seier fiskar Knut Henning Adamsen. Han fortel at dersom det skjer, revnar nota like lett som nettingstrømpebukser på eit julebord.

Større kvotar

Kristoffer Reiten ved Vikomar

Kristoffer Reiten er dagleg leiar ved Vikomar. Han er nøgd med at dei får mykje fisk å arbeide med.

Foto: Roar Strøm / NRK

I fjor låg sildekvoten på 193 000 tonn. I år er kvoten meir enn dobla til 432 000 tonn og berre ein tredel er tatt opp hittil.

Dagleg leiar ved Vikomar, Kristoffer Reiten synest det er gledeleg at dei får meir fisk å arbeide med, men skulle ynskje at det var meir føreseieleg.

– Det er ei utfordring at kvoten blir dobbelt så stor og at vi skal selge dobbelt så mykje som året før. Det hadde vore godt dersom det var litt jamnare. At opp og nedturane kunne vore mindre og over lengre tid, seier Reiten.

Fisken blir for det meste selt til den europeiske marknaden.

Mykje action

Vinterfiske går mot slutten i neste veke. Mange båtar satsar på å hente resten av sildekvoten til hausten, men no vil dei få med seg havets sølv som blinkar ute på Buagrunnen.

– Det har vore stor fangst dei siste dagane. Det blir mykje action. Det er eit sildeeventyr, seier fiskar Kristofer Thomassen frå Spjæringen Senior.

Sild på mottaket Vikomar

Årets sild som kjem inn til Vikomar i Bud er stor og ligg mellom 350 og 360 gram.

Foto: Roar Strøm / NRK

.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL