Hopp til innhold

Forskarar meiner fjordsilda ikkje er så sunnmørsk som mange har trudd

Mangel på regulering av sildefiske i fjordane har skapt strid mellom fiskarane. Nokre har tatt til orde for at fjordsilda er unik, men ny forsking tyder på det motsette.

Sild frå Svinøyhavet på Sunnmøre

Silda blir omtala som havets sølv – den glitrar og blinkar der den spretter i notposen. Bilde frå Svinøyhavet på 90-talet.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Den silda som vandrar inn i fjordane på Sunnmøre og som gyter her både om våren og hausten, er dei same bestandane som vi ser ute i havet.

Aril Slotte har jobba med dette siste tre åra. Slotte er seniorforskar ved Havforskingsinstituttet. Saman med Runde Forsking i Herøy har dei prøvd å få svar på kva slags sild det er ein har i fjordane på Sunnmøre.

Slotte seier dei har gjort genetiske undersøkingar med ein metodikk som er anerkjend internasjonalt. Dei har tatt mange prøver av sild både i fjordane og ute i havet. Det har vore eit omfattande arbeid. Og no er konklusjonen klar.

– Silda i fjordane på Sunnmøre er ikkje ein særeigen, lokal variant.

Aril Slotte er seniorforsker ved Havforskningsinstituttet

Seniorforskar Aril Slotte ved Havforskningsinstituttet seier det er gjort grundige analysar av sildebestandane.

Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Betent strid

Det har vore konfliktar om silda i desse fjordane gjennom fleire år. Striden er betent. Lokale fiskarar er sinte på dei som kjem utanfrå for å fiske inne i fjordane. Dei har blitt skulda for å fiske ned den lokale sildestammen.

Og dei har fått bruke lys til å samle fisken. Det blir det bråk av.

Kravet har vore at desse fiskarane bør bli stengd ute frå fjordane. Og argumentet har vore at det finst eigne sildestammar inne i fjordane. I så fall kan ein frede silda fordi ein ønskjer å ha eit mangfald

Sildefiske frå Møre og Romsdal på 50-talet.

Sildefiske frå Møre og Romsdal på 50-talet.

Foto: NTB

Men forskarane slår beina under dette argumentet no. Silda i fjordane på Sunnmøre er ei god blanding av fleire sildeslag som finst ute i havet.

Men Nils-Roar Hareide ved Runde Forsking som har leia prosjektet, trur dette vil føre til ein vidare diskusjon.

– Sjølv om det no viser seg at silda i desse fjordane ikkje er genetisk isolert så skal vi jo forvalte silda. Dette er ein diskusjon som styresmaktene må ta. Og der meiner eg at fiskarane og lokalbefolkninga må vere med.

Nils-Roar Hareide, Runde miljøsenter

Nils-Roar Hareide ved Runde Forsking har leia prosjektet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fiskarar protesterer

Torleif Hauge har fiska i fjordane i Sande kommune heile livet. Den pensjonerte fiskaren er ein av dei som har levert inn fiskeprøver til undersøkinga.

– Dei meiner det er den same silda i fjordane som er ute i havet, det er berre tull. Silda ute i havet er ei mykje større sild, seier Hauge.

Det same meiner fiskar Lidvar Bøe. Han meiner forskarane bør ta ein tur til fjordane for å sjå korleis forholda er.

– Genetikken er lik for all sild, men viss du kjem inn i Gurskenfjorden og får denne silda her så er den totalt forskjellig frå annan fisk i utforming og utsjånad, seier Bøe.

Lidvar Bøe

Lidvar Bøe har vore fiskar i mange år, og har engasjert seg veldig mot lysfiske og for meir regulering av fisket i fjordane.

Foto: Privat

Avtroppande Vanylven-ordførar, Lena Landsverk Sande, (Sp) meiner det er viktig å lytte til næringa, og ønsker at kommunen skal følgje opp vidare.

– Når vi diskuterer dette så er det ein inngangsport til at vi faktisk ønsker ei regulering av fisken. Fiskarane er veldig opptekne med at det må gjerast meir. Lysfiske er forstyrrande for ein del, og eg får meldingar frå folk som er bekymra for at det ikkje er att fisk i fjordane våre, seier Landsverk Sande.

Silda i fjordane på Sunnmøre som forskarane har undersøkt, skil seg ut frå resten av Vestlandet.

Her foto fra Svinøyhavet på Sunnmøre. Silda " koker " i nota. 320 tonn skal pumpes inn i lastentankene i fiskefartøyet " Havskjær ".

Sildefiske i havet utanfor Sunnmøre på 90-talet.

Foto: Lise Åserud / NTB

Freda fisk andre stader

I Sognefjorden, Nordfjord og i Trondheimsfjorden er silda lokal. Difor har den og blitt freda. På Sunnmøre er det altså ein motsett situasjon.

Men Aril Slotte ved Havforskingsinstituttet er ikkje overraska over skilnadane.

– Dette området på Sunnmøre er jo veldig nært knytt til det store gytefeltet til den store bestanden av Norsk vårgytande sild som det finst fleire millionar tonn av.