Hopp til innhold

Det kan gå mot lysare tider for norsk sildefiske

Havforskingsinstituttet har målt rekordstore mengder med eitt og to år gamal sild. Etter fleire magre sildeår lovar dette godt for sildefisket dei komande åra.

GmPKXm2v8Ek

Dette bildet er frå sildefisket i Troms i november 2020. Både Kystvakta og spekkhoggarar følgjer med når fiskeflåten jaktar på sida. Samstundes følgjer Havforskingsinstituttet med på komande generasjonar med sild.

Foto: Dan Petter Friis / NTB/Kystvakta

Det har vore lite sild langs norskekysten dei siste åra.

Varsellampane blei slått på før sildesesongen i år. Den norske vårgytande silda var komen under «føre-var-grensa», og det internasjonale havforskingsrådet rådde til at kvotane for 2024 blei sett ned med 24 prosent.

Bakgrunnen for nedgangen var både sterkt fiskepress og at sildestammen ikkje reproduserte seg sjølv i stor nok grad etter 2016, ifølgje forskarane.

No kan trenden vere i ferd med å snu. Om storparten av ungsilda overlever til dei er fire/fem år kan det bli gode fangstar om nokre år.

Det var nettstaden til Havforskingsinstituttet hi.no som skreiv om dette først.

Visste du at lokalbefolkning, fiskarar og forskarar har krangla om kvar silda høyrer til? Les deg opp om denne striden på Sunnmøre.

Rekordstore målingar

Kvart år dreg Havforskingsinstuttet på tokt til Barentshavet. Der undersøkjer dei store deler av økosystemet. No er rapporten klar. Og dette er oppløftande resultat for alle som følgjer med på fisket etter sild.

– Vi har aldri målt meir sildeyngel enn kva vi har gjort på dei to siste økosystemtokta, seier havforskar Georg Skaret i Havforskingsinstituttet.

Forsker Georg Skaret

Havforskar Georg Skaret i Havforskingsinstituttet.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Tilvekst

Kvart år på seinvinteren gyt silda i hovudsak 5-6 område på strekninga Vesterålen i nord til rundt Stad i sør. Yngelen driv så med havstraumane langs norskekysten og opp til Barentshavet der yngelen veks seg stor og sterk nok til å dra ut på vandringa sørover langs norskekysten, så vestover mot Island, nord mot Svalbard og vidare mot Noreg for å gyte igjen.

Det er i oppvekstområda i Barentshavet at Havforskingsinstituttet no har funne dei oppløftande resultata.

Av og til blir sildefisket opplevd som eit eventyr. Silda kjem i store stimar og fiskarane kan tene store pengar. Dette kan du få eit innblikk i i denne historia frå romsdalskysten.

Les også – Det føltes som å ha hodet i en vannkoker

Havet utenfor Senja koker av sild, filmet av fisker Ståle Pettersen

Ungsild fødd i 2021 til 2023

Det er resultatet av gytinga langs norskekysten seinvinteren 2021, 2022 og 2023 havforskarane no ser resultatet av. I oppvekstområda i Barentshavet fann dei hausten store mengder ungsild, både sild som var eitt og to år gamal.

– Resultatet av det siste toktet viser at ein stor del av 2022-årsklassa overlevde frå dei var 0 til dei var eitt år. Og mengda toåringar er den høgast målte sidan 2004. Det er eit teikn på at også årsklassen frå 2021 er sterk, seier Skaret til nettstaden til Havforskingsinstituttet.

Det tek enno nokre år før denne silda er vaksen nok til å kome på matfatet. Som regel er silda som blir fangsta minst fire/fem år gamal.

Optimisme utan garantiar

Men sjølv om Havforskingsinstituttet har funne fleire solide årsklassar vil dei likevel ikkje kome med garantiar om storfiske etter sild dei komande åra.

For silda som skal fiskast skal vere 4 år og eldre. For det er, ifølgje forskaren, ikkje alltid slik at serke årsklassar av eittåringar, toåringar og treåringar nødvendigvis fører til ein stor stamme av vaksen, fangstklar sild.

– Vi er skikkeleg spente på framhaldet, og vi vonar at den store mengda ungsild i Barentshavet kan snu den negative utviklinga vi har hatt ei stund, seier Skaret.

Overfor nettstaden til Havforskingsinstituttet understrekar også Skaret at det framleis er ei stund til ungsilda er stor nok til å kunne bli rekna med i «gytebiomassen» som forskarane tek utgangspunkt i når dei skal kome med råd om kor store kvotane skal vere.