Hopp til innhold

Sikkerheita på topp før landskamp på Høddvoll

Politi og frivillige samarbeider tett for å sikre sikkerheita under landslagskampen mellom Norge og Israel måndag.

Frode Halse Digernes

Frode Halse Digernes, innsatsleiar for politiet under landslagskampen, seier at sikkerheita skal vere på topp under arrangementet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Søndag kveld arrangerte politiet og Norges Fotballforbund eit informasjonsmøte for dei frivillige under landskampen på Høddvoll. Torsdag vann det norske kvinnelandslaget 10–0 over Kasakhstan i Molde. Måndag møter dei Israel i Ulsteinvik.

Frode Halse Digernes, innsatsleiar for politiet under arrangementet, seier at sikkerheita kjem til å vere på topp.

– Både vi i politiet og Hødd vil vere godt bemanna. Når det er landskamp og UEFA er med å arrangerer, så er det klart at må vi stille mannsterke, seier han.

Målet er at arrangementet skal vere mest mogleg trygt både for gjestane og spelarane.

– Det kan kome godt over 2000 personar på kamp i morgon, både store og små, og det vil vere opp til oss og vaktene til Hødd å vareta sikkerheita til desse, seier Digernes.

Har sett i verk tiltak

Politiet har hatt den spente situasjonen mellom Israel og Palestina i bakhovudet under planlegginga av arrangementet, men seier at dei ikkje vil sette inn meir mannskap enn det som er vanleg under ein landskamp.

Politiet på Høddvoll

Politiet og Hødd jobbar saman for å sikre sikkerheita på Høddvoll under landslagskampen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Det blir sjølvsagt gjort nokre vurderingar når Israel deltek på eit større idrettsarrangement, og vi har i samarbeid med Hødd, fotballforbundet og dei to landslaga sett i verk dei tiltaka vi meiner trengst, seier Digernes.

Han anbefaler folk å vere ute i god tid til morgondagens kamp.

– Det kjem kanskje mange som ikkje kjenner området, så vi anbefaler folk å kome tidleg. I tillegg vil folk bli sjekka og kontrollert før dei slepp inn på stadion.

Har førebudd seg i månadsvis

Per Arve Moldskred er Hødd fotball sin arrangementssjef under kampen. Han fortel at klubben har førebudd seg til kampen i månadsvis.

Per Arve Moldskred

Per Arve Moldskred, arrangementssjef i Hødd, meiner dei er godt førebudd før kampen måndag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi har hatt mange flinke frivillige som har langt ned mykje tid i planlegginga. Det er klart det blir ekstra sikkerheitstiltak og strengare krav under ein slik internasjonal kamp, men vi har eit godt samarbeid mellom fotballforbundet, politiet og dei frivillige, så eg er sikker på at det vil gå bra, seier han.

Klubben har mykje erfaring med å arrangere kampar på høgare nivå, men aldri ein seniorlandskamp av denne typen. Det er ei utfordring Hødd har tatt på strak hand, seier Moldskred.

– Det er noko heilt spesielt å få arrangere ein slik kamp. På denne måten får vi også testa oss sjølv og utvikla oss som klubb. Det er kjempeviktig å bli utfordra litt av og til, og ikkje berre gjere det same dag ut og dag inn, seier han med eit smil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL