– Norge fekk god trening i angrep mot etablert forsvar, og hadde ballen heile tida. Det såg til tider ut som Tyskland mot Norge på herresida - med kantar som gikk innover i bana og backar som skapte overtal. Slik blir det mange sjansar av, seier NRKs fotballekspert, Tom Nordlie.
Norges keeper Ingrid Hjelmseth kunne noko flåsete blitt igjen på spelarhotellet og sett kampen frå hotell-senga.
– Norge kunne spelt utan keeper, held Nordlie fram.
Kunne blitt målrekord
Så suverene var Norge mot Kasakhstan på Aker stadion - sjølv om 2. omgang blei tam, og skuffande svak i romsdalen.
– Det er vanskeleg å halde tempoet oppe, men det hadde vore fin mental trening om dei hadde klart det, seier Tom Nordlie.
Men lenge såg det ut til at Norge kunne snuse på målrekorden på 17-0 mot Slovakia frå 1995.
For allereie etter 9 minutt stod det 3-0 på den såkalla «Røkkeløkka».
Ada Stolsmo Hegerberg held fram med å score mål. Posering med Christiano Ronaldo og meisterligatriumf for Lyon har ikkje gjort 21-åringen verken blasert eller overlegen.
Her er det hardt arbeid som gjeld.
Angriparen er like klar, tent og målfarleg mot myggen Kasakhstan - som mot stormakta Wolfsburg i meisterligafinalen.
Det hjalp sikkert også at ho var på heimebane, berre ni mil frå heimstaden Sunndalsøra.
Etter berre få minutt dundra ho inn det første målet bak ein hjelpelaus keeper. Isabell Herlovsen stod for dei to neste.
– Eg syntest det var veldig mange fine mål i kveld. Vi gjennomfører ein bra kamp. sjølv om motstanden er i enklaste laget. Det var viktig for oss å kome i gang med pasningsspelet. Og det syntest eg vi gjer i dag. Vi er presise, spesielt i første omgang, seier Ada Stolsmo Hegerberg til NRK.
Scoring i debuten
Norge er forlengst kvalifisert til EM-sluttspelet i Nederland neste sommar. Men kampen blei brukt til såkalla læring, prøving og litt feiling. Men mest trilling av ball i laget.
Å debutere er alltid stas, og spesielt når du gjer det med å score mål.
Stabæk-profilen Stine Reinås sørga for 4-0 i debuten etter svakt keeperspel.
Ada Stolsmo Hegerbergs frispark blei slått i stolpen. På returen dukka debutanten opp og satte ballen sikkert i mål.
Caroline Graham Hansen var tilbake etter eit langt skadeavbrekk. Ei jumpers knee-skade øydela heile fjoråret. Og etter at leggbeinet brakk i april førte det til nye månader ute.
Men no er Wolfsburg-spelaren tilbake i form, noko ho viste ved å klinke ballen i motsatt hjørne frå skrått hald.
Maren Mjelde fiksa 7-0 like før pause, men det var likevel langt opp til målrekorden.
Siste mål av storesøster
For 2. omgang blei ein liten nedtur heilt fram til Ingvild Isaksen bestemte seg for å score i jubileumskampen.
Den skadeplaga Stabæk-stopparen scora til og med i sin 50. landskamp - og kunne smile for akkurat det etter 77 minutt.
Isabell Herlovsen laga 9-0 med hovudet, og tangerte samstundes Dagny Mellgren med totalt 49 landslagsmål.
– No er det muleg å nå tosifra, sa Tom Nordlie og fekk rett.
Difor var det kanskje rett og rimeleg at det var storesøster som avslutta mål-showet.
Ada serverte Andrine Stolsmo Hegerberg som satte inn 10-0 til Norge over Kasakhstan.
– Eg står igjen med ei god kjensle. Eg syntest vi held oppe rytmen i spelet i heile første omgang. Litt «daff» start i andre omgang, men dei la seg lavt med laget, så eg tykkjer vi gjer mykje som er rett, seier Andrine Stolsmo Hegerberg.
Måndag ventar Israel på Høddvoll i Ulsteinvik.