Hopp til innhold

Sigurd jublar for satsinga på yrkesfag

Regjeringa vil løyve 70 millionar kroner for å styrke yrkesfaga. – Eit godt tiltak, seier lærling Sigurd Lillebø (19) på Optimar i Giske. I år har fleire ungdomar fått lærlingkontrakt i landet enn i fjor.

Sigurd Lillebø er lærling ved Optimar

Sigurd Lillebø angrar ikkje på at han valde yrkesfag, Planen er å gå vidare på høgskule.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Produksjonen går for fullt ved sunnmørsbedrifta Optimar på Valderøya. Her produserer dei robotiserte maskiner til fiskeindustrien, og dei har stadig behov for meir folk. Medan det er tunge tider i offshorenæringa, er det heilt motsett innan fiskeri. For lærling Sigurd Lillebø er det difor om å gjere å jobbe så kjapt han kan. På bordet ligg det som skal bli eit hydraulikkskap og det hastar å bli ferdig.

– At det blir gitt meir pengar til yrkesfag er eit godt tiltak, seier Lillebø.

– Like bra med meisterbrev

Regjeringa har sagt at dei vil gi yrkesfaga eit løft og heve statusen. Målet er fleire lærlingplassar og alternative utdanningsløp. I forslaget til statsbudsjett vert det løyvd 70 millionar kroner til yrkesretta utdanningar. Blant anna skal pengane gå til å få fleire bedrifter til å ta imot lærlingar.

– Eg veit at mange opplever å vere skuleleie og ikkje ser for seg ei teoretisk utdanning. Det bør vere like imponerande å ta meisterbrev som mastergrad, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp). Statsråden er på Sunnmøre for å legge fram statsbudsjettet og har sjølv gått yrkesfag. Han trur at mange elevar som har gått yrkesfag, har følt at utdanninga er mindreverdig.

– Slik bør det ikkje vere. Eg meiner fagkompetanse vert stadig viktigare.

Espen Rørvik ved Optimar

Espen Rørvik er formann ved Optmiar. Han ser ofte at skulelei ungdom blomstrar når dei får starte å jobbe som lærlingar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dårlege karakterar

Tal frå Utdanningsdirekoratet viser at 6 av 10 søkjarar har fått godkjent lærekontrakt per 1. oktober 2017. Dette er ein liten auke frå i fjor. Om lag 10.000 står utan lærlingplass.

Ved Optimar er det no ni lærlingar. Espen Rørvik er formann for automasjonsavdelinga og meiner lærlingane er viktig for bedrifta. Den gjer at dei får lært opp ungdommar og rekruttert dei inn i verksemda til fast jobb. Dei fleste lærlingane hos Optimar får jobbtilbod etterpå.

– Det kan kome ein elev til oss med dårlege karakterar frå skulen, men når han startar å arbeide, er han av dei beste, seier Rørvik.

God kjensle

Det var faren til Sigurd Lillebø, som rådde han til å ta yrkesfag. På ungdomsskulen var Sigurd skulelei, men etter to givande år med elektro og automasjon søkte han om lærlingplass og fekk plass på Optimar.

– Det er ei god kjensle å få lærlingplass, men eg veit at det ikkje er like lett for alle. Det gjeld å søke tidleg og vere ivrig, seier Lillebø.

Han stortrivst med dei varierte oppgåvene han får og har planane klare for framtida: Etter at han er ferdig med sveineprøva, vil han gå vidare på ingeniørstudiet eller fagskule.

– Eg får dermed ein heilt annan kompetanse, sidan eg har sett korleis ting fungerer i praksis, ikkje berre på papiret, seier Lillebø

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL