Hopp til innhold

Sander gjekk tre år på studiespes, men fann ut at han ville bli røyrleggar

Han valde feil retning på vidaregåande, men no er Sander Devold lærling og har kjøpt seg hus. – Det er alltid mogleg å velge om att, seier 22-åringen.

Sander Devold er lærling med Vard Langsten

Sander Devold vil bli røyrleggar, slik fleire i familien hans er.

Foto: Remi Sagen / NRK

I ein verkstad på skipsverftet Vard i Tomrefjorden står Sander Devold (22) i kjeledress og hjelm. Han pussar sveiseskøyten på eit rør.

– Eg koser meg. Det er lærerikt og det er mykje å gjere akkurat no, seier Devold.

Planen var slett ikkje gå med vernesko og hjelm i ei industribedrift. Han skulle bli politi og gå med uniform. Han starta difor på studiespesialisering på vidaregåande og jobba målviten.

Etter 2. klasse innsåg han at krava for å bli politi var for tøffe.

– Eg kom ikkje til å oppnå snittet for å komme inn, seier Devold. Dermed endra han plan. Han ville heller bli røyrleggar, men bestemte seg for å gå ferdig alle tre åra på studiespesialisering.

Devold var sikker på at han måtte starte på nytt skuleløp med to nye år på yrkesfag. Der tok han feil.

Sander Devold er lærling ved Vard Langsten

Læretida til Sander blir lengre enn om han hadde fått yrkesfag. I tillegg har han tatt ein teorieksamen som privatist.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mange er usikre

1. mars er ordinær frist for å søke på vidaregåande skule, og mange synest det er vanskeleg å bestemme kva retning dei vil gå.

– Du bør gjer mykje research på kva moglegheiter som finst. Men uansett kva du vel kan du studere vidare dersom du vil det, seier Tomas Iversen.

Han er karriererettleiar ved Karriereveiledning.no.

Det er størst sjanse for å trivast og gjere det bra på skulen dersom du vel ei retning du interesserer deg for. Iversen meiner likevel at det er viktig å ikkje stresse, for det er fullt mogleg å ombestemme seg.

– Alle har rett til å bytte utdanningsprogram i løpet av vidaregåande. Det kan også vere andre moglegheiter ved å kontakte rådgivaren på skulen, seier Iversen.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 2999 elevar bytta program etter 1. klasse i fjor.

Vise interesse

Marit Volstad, dagleg leiar ved Nordre Ålesund opplæringskontor, seier at Sander si historie viser at det finst moglegheiter sjølv om ein har valt feil. I dag har kontoret hennar ansvar for fire lærlingar som ikkje har gått den vanlege yrkesfagvegen.

– Det ordnar seg som regel dersom ein er villig til å stå på og viser interesse, seier Volstad.

Valde du rett utdanning på første forsøk?

Oppsøk bedrifter sjølv

Ho oppmodar elevane om å både ta kontakt med opplæringskontoret og aktivt oppsøke bedrifter sjølv for å få læreplass. Mange bedrifter har eigne søknadsfristar.

– Den einaste utfordringa er at læretida blir lengre ved å gjere det på denne måten, seier Volstad. Det betyr at i staden for to år som lærling, kan det ta 3,5 år før ein får fagbrevet.

I tillegg må ein ta teorieksamen.

Sander Devold er lærling hos Vard Langsten. Her står han saman med verftsdirektør Ronny Langset.

Ronny Langset er verftsdirektør ved Vard Langsten og har stort behov for fagarbeidarar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Har kjøpt seg hus

Sander, som ville bli røyrleggar, starta å skrive søknader og blei innkalt til jobbintervju hos skipsverftet Vard Langsten. Der fekk han napp.

– Det fine med å vere lærling er at du får betalt frå første dag, seier Devold. No har 22-åringen kjøpt seg hus og gler seg til han får fagbrev.

Han meiner at unge ikkje treng å vere så redde for å ta feil val.

– Eg forstår at folk er stressa, men det finst alltid ei moglegheit for å velge om att. Det er ikkje slik at valet du gjer, er valet for resten av livet, seier Devold.

Han ser for seg å jobbe i skipsbransjen nokre år, men håper å starte for seg sjølv som røyrleggar med tida.

– Eg er glad for at eg valde om att, seier Devold.

Sander Devold er lærling hos Vard Langsten

Sander Devold angrar ikkje på at han ombestemte seg. Han håper å starte for seg sjølv ein gong i framtida.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL