Sigrid spelar i heimbyen

Artisten Sigrid Solbakk Raabe skal spele konsert i heimebyen Ålesund 25. oktober. Det kjem fram i ei pressemelding frå Momentium i dag. Konserten blir halden på Terminalen Byscene. – Sigrid spelte jo for eit fullsett Color Line Stadion under Jugendfest i fjor. Dette blir veldig annleis og intimt. Vi gler oss veldig til å sjå verdsstjerna tilbake i heimbyen, seier Synnøve Sandnes i Terminalen Byscene.

Sigrid
Foto: Francesca Allen