Hopp til innhold

Justerer ned farenivået ved Mannen

NVE senkar farenivået for Veslemannen til gult på grunn av minkande bevegelsar i fjellpartiet. Dei evakuerte fekk dermed flytte heim igjen.

Tysdag justerte NVE ned farenivået ved fjellet Mannen i Rauma.

Det melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tysdag formiddag. Fjellpartiet har hatt raudt farenivå sidan 9. oktober. Då blei dei elleve som bur under fjellet evakuert for tiande gong sidan 2014, og femte gong så langt i år. Desse får no flytte heim igjen.

Fjellet Mannen i Rauma

Dei evakuerte som bur under Mannen har no fått flytte heim.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, seier at dei evakuerte fekk beskjeden tysdag morgon.

– Dei er veldig glad og letta for at dei no får flytte heim igjen, seier han.

Fjellet har stabilisert seg

NVE meiner at det ikkje er fare for eit fjellskred frå Veslemannen no, og setter dermed farenivået ned til gult.

Gustav Pless

Gustav Pless, geolog i NVE, seier at fjellpartiet Veslemannen no har stabilisert seg.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Hastigheita er minkande og har ei døgnhastigheit på rundt 12 cm i øvre del og 2,5 cm i den nedre delen. Vi ser særleg av bevegelsane i den nedre delen er stabile, seier Gustav Pless, geolog i NVE.

Den nedre delen blir sett på som viktig for at heile det ustabile fjellpartiet skal rase. Måndag og natt til tysdag gjekk det fleire større steinsprang frå fjellet, og Pless fortel at det framleis kan gå steinsprang som følge av bevegelsar i fjellpartiet. NVE meiner likevel at det er trygt å justere ned farenivået, og at desse vil ha avgrensa storleik og rekkevidd.

– Det er sjølvsagt alltid ei vanskeleg avgjerd, men vi har god kontroll på at det ikkje vil gå eit stort skred no. Vi ser at heile fjellpartiet har stabilisert seg, seier Pless.

Håper på kuldegrader

Ifølge vêrvarselet skal det bli kjølig dei komande dagane, og det er også meldt lite nedbør. Til helga er det meldt snø og sludd i området. Pless kan ikkje utelukke at det kan skje fleire evakueringar denne hausten.

– Vi må kanskje heve nivået igjen dersom det blir mange varmegrader og mykje nedbør. Vi følgjer situasjonen, og vurderer farenivået fortløpande, men håper at det blir kuldegrader og at vinteren kjem, seier Pless.

Store bevegelsar

Det er i dag ei veke sidan farenivået blei heva til raudt. Nedbør og auka temperaturar førte til kraftig snøsmelting og auka bevegelsar i fjellpartiet. Etter kvart smelta mesteparten av snøen i området. Sjølv om bevegelsane har minka sakte har dei framleis vore store dei siste dagane.

Lars Olav Hustad

Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Søndag 14. oktober og natt til måndag førte nedbør igjen til auka hastigheit i fjellpartiet. På eit tidspunkt hadde bevegelsane ei døgnhastigheit opp imot 100 cm i øvre del og 15 cm i nedre del. Det er noko av den høgaste farta som er registrert.

NVE vel likevel å justere ned farenivået ettersom fjellet har stabilisert seg. Ferdsels- og opphaldsforbodet under fjellet blir samtidig oppheva og Raumabanen er no opna igjen.

Rauma kommune, NVE og politimeisteren hadde i går eit møte for å drøfte om det er mogleg å la godstog passere på signal sjølv om det er raudt farenivå ved Mannen. Førre veke melde selskapet Green Cargo at dei legg ned godstransporten på Raumabanen frå 6. desember.

– Eg har tru på at vi no skal få til trafikk på bane sjølv om det er raudt farenivå, seier Rauma-ordførar Lars Olav Hustad.

Sjå pressekonferansen om Mannen klokka 10.00:

Sjå video om kva som kan skje om det går eit ras frå Veslemannen eller Mannen.

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

Sjå video om kva som kan skje om det går eit ras frå Veslemannen eller Mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL