Hopp til innhold

Send oss nyttårsbilda dine!

Anten du feirar heime eller på fjellet, med eller utan fyrverkeri, vi vil gjerne sjå korleis du feirar overgangen til det nye året.

Nyttårsaften ved Furmyra

God utsikt til fargesprakande rakettar på nyttårsaftan? Send oss bilda dine! Her frå Furmyra i Ålesund.

Foto: Håvard Holen

Fyrverkeri og stjerneskot med festmiddag og feststemning eller kanskje berre ro til ettertanke? Det er mange måtar å feire at eit nytt år skal kome og overgangen til 2014 er neppe eit unntak.

Korleis feirar du nyttår i år? Vi vil gjerne sjå dine beste bilde!

Bilda kan du sende oss på epost mr@nrk.no. Du kan også bruke Instagram ved å nytte emnemerket #nrkmogr eller sende oss bilde på Facebook-sida vår.

1. nyttårsdag opprettar vi eit bildegalleri som blir publisert og oppdatert utover dagen på nrk.no/mr.

Ein heldig innsendar vil også få tilsendt noko kjekt i posten!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL