Hopp til innhold

Seks personar til legesjekk etter ulukke

I alt seks personar blei sende til lege for sjekk etter ei trafikkulukke i Malmefjorden like før klokka 1230. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege personskadar, men to av personane er sende til sjukehus.

malmefjorden

Ulukka skjedde ved avkøyringa mot Aureosen. I alt tre bilar var involverte.

– Ein av bilane kom køyrande inn på vegen og trefte ein bil som kom i mot, seier operasjonsleiar Sigvart Sivertsen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ni personar i bilane

I alt var det ni personar i bilane som var involvert i ulukka. Den tredje bilen kom køyrande bak ein av bilane som kolliderte. Ingen av dei tre som sat i denne bilen blei skadd.

– Bilane har fått store skadar og måtte hentast av bilbergingsfirma, seier Sivertsen.

Vegen var ei stund open i eitt køyrefelt og trafikken blei dirigert forbi.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL