Hopp til innhold

Satsar pengar på lokal arbeidskraft

Ulstein Group vil ha lokal arbeidskraft og betalar stipend på 30 000 kroner i året til studentar dei håper skal kome tilbake etter endt høgskuleutdanning.

Ulstein Group betalar stipend til studentar med håp om å få dei tilbake.

Katrine Østgaard frå Ørsta er ein av fleire som nyt godt av stipendordninga til Ulstein verft. På tre år med høgskule i Bergen fekk ho til saman stipend på 90 000 kroner frå verftet. No er ho tilbake som ingeniør. Foto/redigering: ARNE FLATIN

– Dette er ein del av den langsiktige tenkinga vår. Det seier Torild Bugge, som er HR-direktør i Ulstein Group.

Torild Bugge, HR-direktør i Ulstein Group

Torild Bugge, HR-direktør i Ulstein Group.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Veldig mange av dei som reiser ut for å ta utdanning kjem ikkje tilbake, og med denne ordninga håper vi å stimulere nokon til å kome heim til gode jobbar her.

Ein av desse er 23 år gamle Katrine Østgaard frå Ørsta. Ho starta ved verftet gjennom TAF-ordninga (teknisk fagutdanning) i 2007. Seinare har ho studert tre år til ingeniør i Bergen, og hadde alle desse tre åra stipend frå Ulstein.

Frå golvet til kontorplass

No er ho tilbake i verftet med kontorplass som ingeniør. Då NRK var innom hadde ho nettopp starta i ny jobb og knapt nok fått etablert seg i det nye kontorhjørnet i bygget ut på Osnes like ved Ulsteinvik sentrum.

– Eg hadde lyst tilbake til Ulstein fordi eg synest det er ei veldig bra bedrift. Gjennom stipendordninga forpliktar ein seg også til eit år om der er passande arbeid.

– Eg synest det er ei genial ordning og eg hadde god nytte av desse ekstra pengane frå Ulstein. Ein er ikkje akkurat den rikaste personen når ein studerer, så litt ekstra i månaden gjer godt.

Katrine er altså ingeniør og er vel då ein attraktiv arbeidstakar ?

– Både og då. Ein skrik etter ingeniørar, men dei vil helst ha erfarne ingeniørar så for oss som er nyutdanna så er det ikkje like enkelt.

Katrine Østgaard på kontorplassen sin.

Katrine Østgaard på kontorplassen sin.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL