Hopp til innhold

Sande vil ha lokale investorar

Myklebust verft er ein berebjelke i Sande kommune, og ordførar Dag Vaagen (H) håper på lokale investorar i Kleven.

Myklebust verft, Kleven

Myklebust verft i Sande ligg fint plassert i Myklebustosen, og har meir enn nok av arbeid i tida fram over.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Ja, det er jo generelt for den sunnmørske maritime næringsklynga at den er litt under press no og i det bildet håper eg på ei løysing med lokale investorar.

Sande-ordføraren seier kommunen vert liten i denne samanhengen, men gjer det ein kan for å legge forholda til rette. Noko dei har prøvd i alle år. Han vil ikkje snakke om ein situasjon der verftet kan gå konkurs.

Dag Vaagen, ordførar Sande

Dag Vaagen er ordførar i Sande der Myklebust verft vert omtalt som ein berebjelke i samfunnet. Han håper på ei løysing med lokale investorar og eigarar også i framtida.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi tenker ikkje i dei baner, det er full aktivitet ved verftet og det er eit heilt unikt arbeidsmiljø med ein kunnskap som er erfaringsbasert. Vi trur ikkje det vil skje.

Med eit verft som berebjelke i lokalsamfunnet er ein sårbar for konjunkturar.

Sårbar berebjelke

– Ja, det er vi. Sånn er det på godt og vondt då. Ytre søre Sunnmøre har ein stor del av den maritime verftsklynga og då vert ein litt sårbar, men vi har også ei viktig rolle i nasjonal samanheng og vi håper og trur at det difor vert tilrettelagt også frå nasjonale styresmakter.

Myklebust verft runden 100 år for eit par år sidan og er ei tradisjonsrik verksemd. Verftet vart ein del av Kleven-konsernet i 2001.

Kva som skjer i framtida er usikkert, men Vaagen er trygg på at verftet i Myklebustosen i Sande kjem til å eksistere også dei neste åra.

Vaagen trur folk flest i Sande forstår at situasjonen no er krevjande. Samtidig meiner han at det er optimisme i kommunen og at innbyggarane har trua på at det vert ei god løysing for Myklebust.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL