NRK Meny
Normal

Her er skjemaet som har skapt alt rabalderet for «Remøy»

Ved ein feil blei kolonnen heilt til høgre ståande tom då reketrålaren «Remøy» skulle til Russland på rekefiske. Etter tre veker held russarane framleis båten tilbake.

Skjemaet som blei feil

Feltet som Fiskeridirektoratet seier dei gløymde å fylle ut, har skapt store problem for reketrålaren «Remøy». "SHR" refererer til felleskvoten for reker i russisk sektor. Han står tom, medan det ved ein feil er fylt ut for både torsk, hyse, blåkveite og steinbit. (Faksimile)

Foto: NRK

Dette skjemaet kjem neppe saksbehandlarane i Fiskeridirektoratet til å gløyme med det første. Ved ein feil blei ei avgjerande kolonne ståande tom då direktoratet skulle søkje russiske styresmakter om rekefiske for trålaren «Remøy».

Då russarane oppdaga det, blei båten beordra til kai i Murmansk, og der ligg han framleis. I ettertid har russiske styresmakter kravd 90 millionar kroner i kausjon for å setje båten fri.

Kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet Olav Lekve

Kommunikasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet seier dei vil sjå på rutinane sine på nytt, for å unngå at dei igjen skal hamne i klammeri med russiske styresmakter.

Foto: Fiskeridirektoratet

Kommunikasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet seier dei aldri har opplevd noko slikt før.

Vi ante ikkje konsekvensane ein slik feil ser ut til å gje, seier han.

Les også:

Har søkt om ordinært fiske

Skjemaet som er sendt til russiske styresmakter viser at det er søkt om fisking av tonnevis med torsk, hyse, blåkveite og steinbit, men altså ikkje reker, slik reketrålaren er utstyrt for.

Ifølgje Lekve har ikkje norske styresmakter elektronisk kommunikasjon med russiske styresmakter i slike saker, dermed må alt førast over på papir. Det er her feilen skal ha skjedd.

– Det skjedde ein feil, ein glipp, som vi har kalla det, vi har rett og slett gløymt å føre opp reker på lisensskjemaet, seier han.

Les også:

Vil sjå på rutinane

Skjemafeilen har ført til uvanleg mykje uro. Norske styresmakter på høgt nivå er involvert i hendinga, og etter nesten tre veker er båten framleis ikkje på heimveg.

Fiskeridirektoratet er dagleg involvert i søknader om fiske for norske båtar, og dei aller fleste er rein rutine. No seier Lekve dei vil sjå på rutinane sine.

Vi har ikkje sett at det sånn sett er noko feil med rutinane, men vi vil jo sjå på dette igjen for å unngå at det skjer på nytt, seier han.

Skipperen tek ikkje sjølvkritikk

Skipper Ketil Ervik

Skipper Kjetil Ervik avviser at han burde forstått at noko var feil i skjema. Han har no vore i Murmansk i 20 dagar, utan at båten har fått returnere.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Skipper Kjetil Ervik avviser at han burde oppdaga feilen, og informasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet seier det er eit spørsmål dei eventuelt vil ta opp i etterkant.

Noreg har ei gruppekvote på 4000 tonn reker i den russiske sona av Barentshavet, og ifølgje Fiskeridirektoratet skulle dette talet stått oppført i kolonnen til høgre, slik som for fartøyet over. Det er ikkje Ervik samd i.

– Vi har absolutt sjekka dokumentet vi fekk, men tolka at det var lovleg, og at vi fiska på ei gruppekvote, seier han.