Hopp til innhold

Rolls-Royce satsar stort i Ulstein

Det kan bli mellom 50 og 60 nye arbeidsplassar i Ulstein. Rolls Royce satsar stort på reparasjon og vedlikehald, og byggjer difor ut ein ny stor verkstadhall i Ulsteinvik.

Video Rolls-Royce satsar stort i Ulstein

Rio og Amsterdam har vore oppe som alternativ for å bygge ny avdeling i Rolls-Royce, men Ulsteinvik gjekk foran.

Propellar, ventilar og vinsjar på båtane treng reparasjon og vedlikehald. No skal Rolls Royce i Ulsteinvik gjere endå meir av den joben og utvidar difor med 3000 nye kvadrat.

Anders Almestad

Konserndirektør Anders Almestad seier at kundane forlangar service for å halde båtane i kontinuerlig drift

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Geir Sindre Steinnes

Geir Sindre Steinnes seier det var mange som konkurrerte om å få den nye avdelinga

- Rolls-Royce har i dag 30.000 båtar som har vårt utstyr og kundane forlangar at vi då skal ha eit serviceapparat som gjer at båtane kan operere effektivt til eikvar tid, seier konserndirektør Anders Almestad.

Det var ikkje ei sjølvfølge at servicesenteret skulle ende på Sunnmøre.
I løpet av ti år har talet på tilsette i Rolls Royce på Sunnmøre auka frå 1400 til 2000. Og det vert gjort store investeringar i området.

- Vi reknar med at vi i 2013 vil ha rundt 70 nye arbeidsplassar i alle kategoriar som omfattar skipsindustrien. Det seier prosjektleiar Geir Sindre Steinnes.