Kvar dag får Nina Jensen spørsmål frå folk som vil om bord Kjell Inge Røkke sitt nye skip. Ein luksusyacht til 4,2 milliardar kroner, som skal fungere som forskingsskip.
– Vi vil ha unge og uetablerte forskarar hit som kan hjelpe til med å finne løysingar som kan berge havet. Her vert det gratis å kome om bord for å forske, seier Nina Jensen, leiar for REV Ocean.
PROSJEKTLEIAR: Nina Jensen leiar det store REV Ocean-prosjektet
Foto: Eivind Molde / NRKSkipet er no under bygging ved skipsverftet VARD i Brattvåg på Sunnmøre. Det 183 meter lange skipet er spekka med det aller mest moderne av forskingsutstyr.
– Målet er å forstå havet betre, håpet er å bidra til å løyse dei største miljøutfordringane i havet. Klimaendringane, overfiske og plastforureininga. Vi vil skaffe meir kunnskap og dermed finne løysingar, seier den tidlegare generalsekretæren i WWF, Verdas naturfond.
Røkke si gåve til folket
GÅVE TIL FOLKET: Kjell Inge Røkke finansierer REV Ocean-prosjektet. Milliardæren frå Molde seier dette er hans «gåve til folket» for å bidra til å finne løysingar som kan gjere havet friskare.
Foto: Lise Åserud / NPKDette er Kjell Inge Røkke sitt store prosjekt. Ikkje berre tek han kostnaden for bygginga, han dekker alle driftsutgifter dei tre første åra.
I tillegg vert skipet leigd ut ein tredel av året for å finansiere dei store utgiftene. Resten av tida er skipet ope for alle som har ein ide eller tanke rundt korleis miljøet i dei store havområda skal forbetrast.
Nina Jensen har sjølv tenkt at ho kjem til å vere mykje om bord i skipet, men ikkje med ein permanent lugar. Ho vil heller at unge forskarar skal få plass i så stor grad som mogleg.
– Har du ein god ide som du trur kan bidra til å finne løysingar for eit friskare hav, då må du kontakt med oss, seier marinbiologen som jobbar hundre prosent med dette prosjektet i tida fram over.
FERDIG OM EIT ÅR: Arbeidet på REV Ocean held på for fullt ved verftet på Sunnmøre i desse dagar.
Foto: REV OceanWWF er allereie invitert til å bruke skipet, og allereie for eitt år sidan var det klart av Havforskingsinstituttet var den første store samarbeidspartnaren til REV Ocean.
Positiv til havforsking
Ved Runde miljøsenter, også det på Sunnmøre, sit den erfarne havforskaren Nils-Roar Hareide. Han synest REV Ocean er eit kjempeflott prosjekt som dei stiller seg hundre prosent bak.
POSITIV:Nils-Roar Hareide er dagleg leiar ved Runde miljøsenter på Sunnmøre. Han er svært positiv til det som kan kome frå REV Ocean-prosjektet.
Foto: Arne Flatin / NRK– Det er svært positivt at det vert lagt til rette for at forskingsmiljøa kan få tilgang til fartøy og fasilitar som dette for havforsking. Dette vil bidra til mykje viktig datainnsamling frå havet, seier Hareide.
Skipet skal etter planen stå ferdig neste vår, og om pågangen held seg oppe fram over vil det fort verte lange ventelister for å få vere med om bord i fartøyet.
Skipet har dessutan plass til 60 forskarar og eit mannskap på 30. Etter planen skal den siste biten av utrusting skje i Tyskland før REV Ocean er klar til jomfruturen på det opne hav.