Hopp til innhold

Tine skal lage yoghurt med importert mjølk – får likevel behalde Nyt Norge-merke

Yoghurt frå Tine skal vere merkt med Nyt Norge sjølv om produkt no skal innehalde importert tørrmjølk. Bonde Margrethe Moe er djupt skuffa - og no ber landbruksministeren om møte med Tine.

Bonde Margrethe Moe i fjøset

OPPGITT: Margrethe Moe vil at Nyt Norge går tilbake på avgjersla om at Tine får merke produkt som ikkje er heilnorske. Nyt Norge meiner at Tine kunne ha informert om trøbbel med emballasje tidlegare.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Eg manglar ord.

Slik innleier bonde Margrethe Moe i Brønnøysund eit Facebook-innlegg torsdag som har fått over 2.000 delingar på eitt døgn.

Frustrasjonen kjem av at Nyt Norge har gitt Tine lov til å bruke merket på produkt som no skal innehalde importert tørrmjølk.

– Dette er eit merkevarenamn som vi har bygd opp over ekstremt lang tid og vi har stor tillit i marknaden hos forbrukaren. Eg fryktar at vi raserer tilliten viss vi skal bruke merket på dette, seier Moe.

Skjermdump frå Moe Gård sitt Facebook-innlegg

ENGASJEMENT: Dette innlegget delte Moe på si Facebookside. På eit døgn har innlegget blitt delt over 2.000 gongar.

Foto: Margrethe Moe

– Kan ikkje bruke Nyt Norge

Og det er nettopp det Nyt Norge frontar: Berre norske råvarer. Men på grunn av mangel på mjølk i vinter har Landbruksdirektoratet opna for kutt i tollane og import av mjølkeprodukt.

Ifølge Landbruksdepartementet heng mangelen på mjølk saman med lågare produksjon enn kva prognosane tilsa.

Det forstår Moe. Ho er likevel djupt skuffa over avgjersla om at Tine framleis får bruke Nyt Norge-merket.

– Det er galskap. Det kan øydelegge tilliten til forbrukarane våre.

Ho lurer no på korleis norske forbrukarar skal stole på Nyt Norge sin garanti som tilseier at råvarene i produktet skal vere norske.

– Sjølv om det ikkje er snakk om store mengder og det er snakk om importert tørrmjølk, men eg synest det blir feil uansett.

Dame med kyr bak seg

– I dag har dei tatt ei avgjersle som eg er djupt i mot, skreiv Moe på si Facebookprofil torsdag.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Kva meiner du dei skal gjere annleis når dei ikkje får nok mjølk frå norske bønder?

– Det er ei ærleg sak, men dei kan ikkje bruke Nyt Norge-merket. Det er det eg er mest skuffa over.

Landbruksministeren ber om møte

Det er likevel ikkje berre mjølk det er mangel på. VG skriv at det er mangel på ei rekkje norske produkt frå den norske bonden.

Både egg og norske poteter er varer det er mindre av - og det blir importert meir slik at forbrukarane ikkje skal merka det.

All mangelen får landbruksminister, Geir Pollestad (Sp), til å reagerere.

– Eg er ikkje fornøgd med situasjonen. Éin prosent mjølk som må importerast, er éin prosent for mykje. Eg vil ikkje bagatellisera det, seier Pollestad til VG.

Geir Pollestad

Geir Pollestad seier til VG at Tine og Nortura må gjera alt dei kan for å få opp produksjonen. 

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Til avisa seier Pollestad at han no har bedt om eit møte med både Tine og Nortura tidleg neste veke for å finne ei løysing på problemet.

– VI må raskast mogleg kome i ein situasjon der vi har nok norske varer. Norske forbrukarar skal få norske egg og norsk mjølk.

Meiner Tine kunne ha sagt ifrå før

Nyt Norge er ei merkeordning som skal gjere det enklare å velje norske råvarer. Dermed skal «kjøtt, egg og mjølk alltid vere 100 % norsk» ifølge Forbrukarrådet.

Også ifølge Nyt Norge sjølv.

– Det sit langt inne vi er offensive og gir opphavsgaranti for norsk matproduksjon. Det skal jo vere norsk mjølk, egg og kjøt i dei produkta som brukar desse råvarene.

Det seier Nina Sundqvist er administrerande direktør i stiftinga Norsk mat og forvaltar merkevara Nyt Norge.

Årsaka til at Tine har søkt om dispensasjon er at det blir brukt 2,5 prosent skummamjølk-pulver i yoghurt frå Tine. Det har vi ikkje tilgjengeleg i Noreg no på grunn av mangel på mjølk.

Nina Sundqvist.

– Det er nok ein situasjon som har vore kjent over lengre tid, seier Nina Sundqvist som forvaltar Nyt Norge-merket.

Foto: Nils John Porsanger / NRK

– Det som tydelegvis blir nedprioritert når det er mangel på mjølk i Noreg er skummamjølk-pulver, seier Sundqvist.

Sundqvist er tydeleg på at Tine kunne ha sagt frå om situasjonen tidlegare.

– Det er nok ein situasjon som har vore kjent over lengre tid. Derfor var det jo ei moglegheit til å tenke over korleis ein kunne ha løyst emballasje-situasjonen.

– Men forbrukaren har vel eit behov for at ting er merka riktig?

– Ja. Sjølvsagt ønsker vi også det. Men no må vi balansere den situasjonen som ligg der, då. Difor er det gitt ein dispensasjon avgrensa i tid og volum før vi kan få produksjonen av norsk skumma mjølk opp igjen.

Ho forklarar at dette er den femte dispensasjonen som Nyt Norge har gitt på 15 år. Tre tidlegare tilfelle har handla om produksjonsvanskar mens den fjerde var knytt til koronapandemien.

I denne omgangen gjeld dispensasjonen i fire månadar.

Les også Landbruksministeren snur om «ku-mosjonering»: – Kua ville gått heilt bananas

Ei ku ser rett inn i kamera.

Bit i det sure eplet

Johnny Ødegård understrekar at tørrmjølka er ein ingrediens som inngår i små mengder og at dei bit i det sure eplet når dei no importerer tørrmjølk.

– Det vesentlege av innhaldet i produktet vil vere av norsk opphav.

Han er leiar for norsk mjølkeråvare, som er den delen av Tine som jobbar med å sørge for at Tine får mjølk inn til meieria.

– Den situasjonen vi er i er ikkje ein ønskeleg situasjon. Vi ønsker å tilby norske råvarer heile tida.

Johnny Ødegård, direktør rådgivning og medlemsservice i Tine

– Vi heiar på Nyt Norge-merket og er veldig glad for entusiasmen rundt å bruke norske råvarer, seier Johnny Ødegård i Tine.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Stiftinga norsk mat meiner at Tine kunne ha tatt kontakt med dei tidlegare og at søknaden frå dykk kom lovleg seint. Kva tenker du om det?

– Vi forstår kritikken og kunne sikkert ha vore betre på informasjon. Ein må informere aktørar samtidig og til riktig tid. Vi kan ikkje informere på tru og ryktebasis, svarar han og legg til:

– Vi må informere når vi veit status, og då må vi informere alle sånn nokolunde samtidig. Vi forstår jo frustrasjonen og vi er jo opptatt av å ha ein god og trygg forbrukarmerking.

Mjølkebil

Tine meieri er kvar dag ute på vegen over det ganske land for å hente mjølk hos bøndene.

Foto: John Molland

Ifølge han må vi tilbake til koronatida for å forklare årsaka til mangelen på norsk mjølk.

  • I koronatida var det ein kraftig oppsving i etterspurnaden på mjølk
  • I 2023 venta Tine eit kraftig fall i etterspurnaden
  • Då signaliserte dei at det var behov for mindre mjølk
  • Samtidig begynte etterspurnaden å sjå lysare ut
  • Difor blei kvotane auka for 2024
  • Men på grunn av at det er dyrare med innkjøpt fôr og kornblandingar enn for nokre år sidan, fekk ikkje Tine den same responsen.

– Bonden er rett og slett ikkje så lysten på å ta store kostnadar for å få opp produksjonen.

Såleis vart lønnsemda ved å auke produksjonen lågare enn det han har vore ved tidlegare høve der kvoten har blitt auka.

Les også Nå må bønder «lufte» kyrne mye oftere: – Dårlig dyrevelferd for kyrne med gjørme opp til knærne

Trond Klausen må kanskje bygge om fjøset