Dette blir gjort for at folk skal sleppe den to timar lange omvegen. Det seier seksjonsleiar i Veivesenet, Richard Lunheim.
Ferje til Hareid
- Frå tysdag morgon er det sett opp ferje til Hareid som går sambandet Eiksund-Rjåneset-Hareid. Ferja vil gå ein tur om morgonen og ettermiddagen, og fleire turar midt på dag, seier Lunheim.
Det var søndag kveld det gjekk eit steinras ved Selvågtunnelen, og ein geolog undersøkte rasstaden måndag.
Uoversiktleg
Det var geolog på staden sidan klokka 09.00 måndag, men rasstaden har vore svært uoversiktleg. Det er derfor tilkalla fjellklatrarar som i løpet av tysdagen vil sjå på rasstart-staden.
Det er omkøyring via ferjesambande Festøya-Solevågen og Sulesund-Hareid, eller ein kan ta ekstraferje.
Konsekvensar for innbyggjarane
Og den stengde Selvågtunnelen skaper problem for dei som bur i området. Alv Ottar Folkestad var ein av dei som ikkje kom seg heim i natt.
- Eg visste ingenting før eg kom til Hareid seint i går kveld. Då fekk eg høyre at vegen var stengt. Dermed måtte eg reise tilbake til Ulsteinvik. For å kome meg heimatt, må eg køyre Sunnmøre rundt og turen vil ta to timar i stadenfor det knappe kvarteret det tek til vanleg, seier Folkestad.
Oddvar Holm er skipsførar på M/F Solnør som går på strekninga mellom Eiksund og Rjåneset. Han fortel at det har vore lite trafikk på ferja som til dagleg fraktar 1300 passasjerar.
- Måndag var ein roleg dag med lite trafikk. Fram til klokka 12.00 hadde vi totalt 63 passasjerar, seier Holm.
To bilar fekk skadar
To bilar fekk skadar i raset, men ingen menneske blei skadde, fortel politibetjent Alv Einar Sandvik.
- Ein av bilane fekk stein i frontruta, i fronten og ved førardøra. Den andre bilen har sannsynlegvis køyrd på stein som låg i vegbana, seier Sandvik.