Verftsnæringa
Trass i kontrakter til verftsnæringa den siste tida, er det særleg på dette området sysselsettinga har gått ned.
Fungerande fylkesarbeidssjef, Kirsti Borgen, trur ikkje arbeidsløysa kjem til å gå ned med det første.
Årsaka til den høge arbeidsløysa er altså oppseiingar og permitteringar ved verft og underleverandørar.
Motbakke
Hareid, Ulstein, Herøy og Sande er alle kommunar med mykje verftsindustri og underleverandørar. Det har vore mange år i motbakke for denne næringa, og arbeidsløysa når stadig nye rekordar.
I august blei arbeidskøysa i denne regionen målt til 7 prosent i høve til arbeidsstyrken.
Også Aetat i Brattvåg har opplevd at arbeidsløysa har auka mykje det siste året. Og sjølv om mange av verfta har fått nye oppdrag, så monnar det lite no.
For heile fylket er arbeidsløysa på 4,1 prosent.