Hopp til innhold

Snøfast i Boston - Rekk kanskje ikkje heim til jul

Gøril Furu rekk kanskje ikkje heim til Sunndal til jul. Kaoset på flyplassane gjer at ho framleis sit snøfast i Boston i USA. Men ein plan med små marginar kan få henne heim med naud og neppe.

Gøril Furu

Gøril Furu brukar ventetida til å bake peparkaker. No ser det ut til at ho kanskje kan rekke julemiddagen i Sunndal likevel.

Foto: Per Magnus Nordrum Riseng

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det ser ut til å gå mot slutten av snøkaoset i Europa. Rullebanen på Heathrow i London skal opnast i løpet av onsdagen. SAS reknar med at alle som skal reise frå London kjem seg heim til jul. Men etterdønningane med stengde flyplassar i dagevis gjer at mange tusen passasjerar framleis har vanskar med å kome seg avgarde før jul.

Ei av dei er Gøril Furu. Ho sit i Boston i USA og skal heim til Sunndal til jul. Ho har fått beskjed om at flyet til Frankfurt ikkje kjem til å gå.

Peparkaker

Slik skal ekte amerikanske peparkaker sjå ut.

Foto: Gøril Furu

– Dette var ikkje nokon artig beskjed å få. Eg var på ein måte budd på dette. Men likevel kjem det som eit lite sjokk, og eg må vedgå at det kom ei lita tåre då eg sto på flyplassen, seier Gøril Furu.

– Vanskeleg å få kontakt med flyselskapet

Gøril Furu seier det var vanskeleg å få kontakt med flyselskapet då det blei klart at flyet blei kansellert. Det var umogleg å kome fram på telefon. Det var faktisk lettare å kontakte flyselskapet frå Noreg.

Sover på feltsenger på Heathrow

Tysdag var det framleis kaos på Heathrow. Men onsdag skal truleg situasjonen normalisere seg.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

– Det var ikkje så mykje eg kunne gjere. Det verste var vel at telefonlinjene våre var stengde ned. Så vi fekk ikkje ringt til flyselskapet for å prøve å booke om flybilletten. Så eg måtte få hjelp frå Noreg. Hvis ikkje hadde vi nok vore nøydde til å bli verande her til over jul, seier Furu.

Heim med naud og neppe

Gøril Furu har ein plan for korleis ho skal kome seg heim til jul. Men det er langt frå sikkert at dette går bra.

Det skal gå eit fly frå Boston veslejulaftan. Så blir det ei stund i New York, og direktefly til Oslo derifrå, så frå Oslo til Trondheim der far skal stå og hente meg. Så går turen turen heim til Sunndal, og då blir det nok rett til bordet og julemiddag, seier Gøril Furu. Kanskje rekk eg ein dusj først, så det ikkje blir uflidd julemiddag, seier ho.

Direktefly kan vere redninga

Direkteflyet frå New York til Oslo kan vere redninga for Gøril Furu. Ho hadde nok vore meir usikker på om heimturen vil gå bra om ho skulle ha ei mellomlanding i England eller på kontinentet.

– Eg tør ikkje heilt sleppe laus jubelen før eg sit på flyet. Men alt tyder vel på at det skal gå bra. Noreg er meir vane med snø enn dei er i Tyskland og England. Så eg trur eg skal klare å kome meg heim til Noreg og julemiddagen, seier Furu.

Kva fyller du ventetida med no då?

– I dag har eg laga peparkaker og pynta dei med amerikansk godteri. Så har vi teke eit par øl og kosa oss for å få ventetida til å gå. Det er liksom ikkje så mykje vi kan gjere. Vi får berre gjere det beste ut av det, seier Gøril Furu, som no gler seg til å kome heimatt til Sunndal.