Hopp til innhold

Meiner koronaen gav berekraftig reiseliv eit løft

– Koronaen var ein forbanning. Men samtidig var han ei velsigning. Koronaen tvang reiselivet til å tenkje nytt, seier Sindre Tverfjell i reiselivsbedrifta Hustadvika Adventure.

Strandrydding Hustadvika Adventure

RYDDAR: Ronja Morstøl, Rachel Morstøl og Sindre Tverfjell driv reiselivsselskapet Hustadvika Adventure. Dei kombinerer reiselivsaktivitetar med strandrydding. Tula følgjer spent med.

Foto: Terje Reite / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

No brukar han og dei andre i staben store deler av tida si på å rydde strendene reine for plast.

– Dei første nedstengingane under koronaen var beinharde. Men det gav oss eit høve til å rykke tilbake til start og tenkje oss om. No er det ikkje overturisme som gjeld lenger. No vil også turistane feriere grønt, seier reiselivsgründeren medan han dreg meter på meter med plastgarn opp frå fjøresteinane.

Strandrydding Hustadvika Adventure Ronja Morstøl Sindre Tverfjell Rachel Morstøl

UT PÅ OPPDRAG: Talini er med når Ronja og Rachel Morstøl og Sindre Tverfjell skal ut på strandrydding.

Foto: Terje Reite / NRK

– Garantert fangst

Havdønningane skapar store skumtoppar over dei mange skjæra ytst i den vêrharde Hustadvika på Romsdalskysten. Ein svart skjergardsjeep dansar på bølgjetoppen. Om bord er Ronja og Rachel Morstøl saman med malamuten Talini og Tula, ei blanding av kongepuddel og rottweiler. Når båten slår hardt mot dei tøffaste dønningane gnurar dei store, stolte hundane seg tett inn til menneskebeina.

– Dei har vore ute i tøffare ver enn dette. Dei elskar å vere med ut på holmane, seier Ronja Morstøl mens ho styrer båten.

Alle i båten er engasjerte. Dei er på veg til eit viktig oppdrag.

– No skal vi ut og rydde strender i Hustadvika. Og det blir garantert fangst. Eg har til gode å oppleve at det ikkje blir noko, seier Ronja.

Strandrydding Hustadvika Adventure

Mange stader ligg gamalt søppel godt skjult i vegetasjonen.

Foto: Terje Reite / NRK

Plastposar finansierer plastrydding

Både Ronja, Rachel og Sindre er personleg opptekne av miljøvern. I dette oppdraget får dei også betalt. Pengane stammar frå bereposeavgifta som går inn i Handelens Miljøfond. Årleg får fondet tilført i underkant av 400 millionar kroner gjennom bereposesalet.

Fondet støttar store, nyskapande teknologiprosjekt, prosjekt for spreiing av kunnskap, men også plastplukkesatsingar på holmar, i bukter og vikar.

Les også 220 millioner satt av til å rydde norskekysten: – Det er sprøtt hvor mye søppel vi finner

Quinton Jegar og teamet har samlet masse søppel på et depot som senere blir hentet og fraktet til et avfallsanlegg.

Gjennom «Rydd Norge»-programmet rydda samarbeidspartnarane meir enn 635 tonn og 4604 kilometer kystlinje. Aksjonen er delt inn i 10 regionar i Noreg som stort sett følgjer fylkesgrensene.

Hustadvika Adventure har fått oppdraget sitt frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd, som igjen har fått ryddepengar frå Handelens Miljøfond.

Bæreposer i bagasjerommet på en bil

MILJØFOND: For kvar handlepose går ei krone inn til Handelens Miljøfond.

Foto: Erik Johansen / NTB

Enorme mengder

Ute på holmen har Sindre Tverfjell funne ein stor kveil av mange slag trådar og garn. Det sit godt fast og han må bruke kniv for å få det laus.

– Dette har kvervla og vasa seg saman i bølgjer og straum ute på havet. Så har det blitt skylt i land her og er rett og slett ei dødsfelle for fuglar og dyr, seier han.

Han fortvilar over det som har skjedd langs strendene dei siste 60–70 åra.

– Med riktig bruk er plast eit nyttig stoff. Men frå plast blei eit vanleg produkt er det gjort meir skade enn menneskeheita har utført på jorda i millionar av år. No må vi rydde etter både oss sjølve og andre.

Hustadvika Adventure strandrydding

Mengda med søppel varierer frå tur til tur, frå strand til strand.

Foto: Hustadvika Adventure

Strandrydding

Folka i Hustadvika Adventure er med i den profesjonelle delen av strandryddinga. Byrjinga av september er også tida for den omfattande, nasjonale dugnaden der frivillige blir engasjerte til felles strandrydding.

– Vi støttar både frivillig rydding og profesjonell rydding gjennom «Rydd Norge»-programmet. Begge former for rydding er viktige, seier Mari Nordstrøm i Handelens Miljøfond.

Les også Søppel i havet skaper nye arbeidsplasser

Plastjegerne på Smøla: Ingrid Helen Johansen, Stig Tore Roksvåg, Veronica Uthaug, Stephen Lervik og Mona Hegglund.

Men store deler av kysten er utilgjengeleg for folk flest. Og det kjem stadig tilførsel og ny søppel. Dermed er også den jamne, profesjonelle ryddinga viktig.

– For dette programmet er det difor viktig at vi har profesjonelle ryddarar som har kompetansen og utstyret som trengst i eit slikt omfattande arbeid. Og vi er opptekne av at dei profesjonelle samarbeider med frivillige i sine område, seier Nordstrøm.

Hustadvika Adventure Sindre Tverfjell

TURISME: Hustadvika Adventure er ei reiselivsbedrift som satsar på berekraftig turisme med fokus på opplevingar i naturen. No er dei også engasjerte i strandrydding.

Foto: Terje Reite / NRK

Berekraftig reiseliv

I Hustadvika Adventure opplever dei at interessa for berekraftig reiseliv aukar. Målet er at turistane skal legge att minst mogleg spor etter seg i naturen.

Som reiselivsbedrift i Hustadvika har dei det dei treng av båtar og utstyr. Det har kompetansen som trengst når dei bevegar seg i barskt hav. Og i mange høve kan dei også engasjere turistar ikkje berre i fiske, men også i ryddeaktivitetar.

– Samanhengen mellom det vi driv av strandrydding og reiseliv er openberr. Vi driv verksemda vår av og i naturen. Det er dette vi lever av. Vi har hav på alle kantar. Og vi er opptekne av at havet vårt skal ha det bra. Og vi kan kanskje takke denne kvalen som blei funnen med magen full av plast. Det var sjølvsagt leit at han måtte bøte med livet. Men denne kvalens død starta ein revolusjon, seier Sindre Tverfjell.

Strandrydding Hustadvika Adventure

På kort tid er den store sekken fylt opp. Ei dødsfelle for fuglar og dyr er fjerna.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL