Hopp til innhold

Reiseliv og studentar nyt godt av samarbeid

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har i haust samarbeidd med studentar frå Høgskulen i Volda. Målet var at begge partar skulle nyte godt av prosjektet, og i formiddag kom resultatet.

Fellesbilde

Studentar, lærar, og reiselivsaktørar var samla på Hotell Brosundet.

Foto: Torger Havåg / NRK

Samarbeidet starta i haust, då linja Media, IKT og Design starta eit nytt kurs for utandørs medieproduksjon, kalla «Outdoor Media Production».

Dag Ronald

Lærar for kurset, Dag Svein Roland.

Foto: Torger Havåg / NRK

Dag Svein Roland, lærar for kurset, seier at det var i samband med denne nysatsinga at dei ville ha med reiselivsnæringa på Sunnmøre. Han kontakta Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, som er eit fellesorgan for marknadsføring av regionen som reisemål.

– Vi føler jo at vi er midt i verdas flottaste kulissar for å lage film. Difor starta vi i haust dette kurset. Vi vil at studentane mellom anna skal lære å selje destinasjonar, og difor tok vi initiativ til dette samarbeidet.

  • Sjå videoane lenger nede i saka.

Tid og kapasitet

Tom Anker Skrede

Marknadsansvarleg i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Tom Anker Skrede var fornøgd med resultatet.

Foto: Torger Havåg / NRK

For reiselivsnæringa var dette eit spennande tilbod, og først var dei usikre på kor mykje tid dette ville ta, og om dei hadde kapasitet til det, seier marknadsansvarleg for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Tom Anker Skrede.

Vi visste ikkje kor mykje tid det ville ta for oss og for medlemane våre. Alle studentane skulle ha oppfølging, så vi tenkte på kapasiteten.

Likevel gjekk dei vidare med prosjektet, og det angrar dei ikkje på.

Vi er svært nøgde. Alle filmane ser på regionen vår på forskjellige måtar; Nokre har sett på arkitektur, andre på fjordane, ulike aktivitetar og attraksjonar. Alle er flotte filmar, med kvar sin stil.

God læring

Guro Hansebakken

Student Guro Hansebakken laga ein film om sykling i Hjørundfjorden.

Foto: Torger Havåg / NRK

Studentane fekk også på si side mykje ut av samarbeidet. Den reelle arbeidsgjevaren gav ei anna tilbakemelding enn elles i skulearbeidet. Guro Hansebakken laga ein film om sykling i Hjørundfjorden, og sette stor pris på tilbakemeldingane.

Vi fekk jo oppfølging og kommentarar undervegs, og det er ikkje kvardagskost som student. Og endelegg fekk vi lage noko som vi veit får eit publikum, og som vil bli brukt.

Lisa Kihle Lehmann

Student Lisa Kihle Lehmann tok for seg arkitekturen på Sunnmøre.

Foto: Torger Havåg / NRK

Lisa Kihle Lehmann var ein av dei andre studentane som var med å lage film. Den tok for seg arkitekturen på Sunnmøre, og også ho er godt nøgd.

Vi hadde ein oppdragsgivar som visste kva han ville ha, så då kan vi ikkje gå utanfor dei rammene. Eg har lært korleis det faktisk kan gå føre seg, og det har vore givande og lærerikt.

Filmane kan du sjå her:

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har i haust samarbeidd med studentar frå Høgskulen i Volda. Videoen er laga av elevar ved Høgskulen i Volda.
Reklamefilm. Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har i haust samarbeidd med studentar frå Høgskulen i Volda. Videoen er laga av elevar ved Høgskulen i Volda.
Reklamefilm. Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har i haust samarbeidd med studentar frå Høgskulen i Volda. Videoen er laga av elevar ved Høgskulen i Volda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL