Hopp til innhold

Regjeringa kjem med «panteordning» for offshoreskip

Regjeringa vil dele ut 150 millionar kroner i krisepakke til offshorenæringa. Men verftsnæringa fryktar at arbeidet vil skje i utlandet.

Offshoreskip i opplag i Ålesund.

VRAKING OG MODERNISERING: Regjeringa kjem med ein krisepakke som skal sørgje for hogging av nokre offshoreskip – og modernisering av andre.

Foto: REMI SAGEN / NRK

Ordninga er ei slags «panteordning» som inneber at dersom reiarlaga høgg opp eitt skip – så får dei pengar til å fornye eitt anna.

– Det er alt for mange skip der ute. Dette er eit tiltak for å hjelpe næringa slik at Noreg kan få ein offshoreflåte med færre- og grønare skip, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Krisepakken inneheld 150 millionar kroner.

Reiarlaga må altså både vrake gamle skip, og byggje om andre til å bli meir miljøvennlege, for å kunne få pengar.

Når ein oppfyller desse krava vil ein kunne få dekka opp til 40 % av kostnaden med ombygging.

Næringsminister Iselin Nybø

HÅPAR PÅ LÅGARE UTSLEPP: Næringsminister Iselin Nybø opplyser at 23 % av utsleppa i norsk skipsfart kjem frå offshoreflåten. Ho håpar denne krisepakken kan redusere utsleppa.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

Langvarig krise

Sidan oljeprisfallet i 2014 har mange norske reiarlag vore i djup krise. Som følgje av mindre aktivitet, og meir fokus på pris, sto brått mange skip som leverte tenester til oljenæringa i Nordsjøen utan arbeid.

Fleire hundre skip vart lagt i opplag. Mannskap måtte finne seg anna arbeid. Og gjeldstyngde reiarlag fekk store problem med å betale for seg.

Skip fra Island Offshore ligger i opplag i Ulsteinvik.

SKIP UTAN ARBEID: Mange offshoreskip har lege til kai utan arbeid i årevis.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei ordning med statleg støtte til kondemnering av offshoreskip har vore etterlyst, men dagens nyheit vert ikkje møtt med jubel frå næringa.

– Den delen av ordninga som er øyremerka til ombygging og hybridisering helsar vi velkommen, seier Arnfinn Ingjerd.

Han leiar interesseorganisasjonen Maritimt Forum Nordvest, og har vore tydeleg på at næringa treng hjelp frå statleg hald.

Næringa har etterlyst eit fond frå staten som kunne hjelpe reiarlag som har for mange båtar – og verft som har for lite arbeid.

Arnfinn Ingjerd

FOR LITE PENGAR: Arnfinn Ingjerd er leiar i interesseorganisasjonen Maritimt Forum Nordvest. Han meiner krisepakken frå regjeringa ikkje treff behova til næringslivet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Arbeidet kan skje ved verft i utlandet

Ingjerd seier den ordninga som regjeringa lanserte i dag, ikkje får i nærleiken av så gode effektar som eit resirkuleringsfond.

Han fryktar at kravet om å byggje om til meir miljøvennlege skip, vil gjere at færre søkjer om pengar frå ordninga. I tillegg er han uroa for at aktiviteten kan skje i utlandet.

– Slik ordninga er no kan både kondemnering og ombygging skje kor som helst i verda, seier Ingjerd.

Det er altså ikkje nokon garanti for at norske verft vil få meir arbeid. Næringsministeren seier til NRK at det ikkje er mogleg å leggje inn krav om at arbeidet skal skje i Noreg.

Dermed kan både hogging og modernisering av offshorebåtar skje i utlandet, med støtte frå staten.

– Med dagens EØS-reglar, så kan ikkje vi leggje inn krav om at arbeidet skal skje i Noreg. Vi kan ikkje sjå vekk frå EØS-avtalen når vi lagar slike ordningar. Det ville svekke norsk næringsliv på sikt, seier Nybø.

Offshoreskip i opplag i Ålesund.

VED KAI I ÅLESUND: Norske offshoreskip ligg i opplag langs heile kysten.

Foto: REMI SAGEN / NRK