Psykologar utan godkjenning

– Tilsetjing av psykologar utan godkjent utdanning har gjort arbeidet med å få ned køane ved barne- og ungdomspsykiatrien vanskelegare. Det seier fagdirektør i Helse Midt-Noreg, Henrik A Sandbu til NRK. Helse Møre og Romsdal tilsette i sommar psykologar med utdanning frå det ungarske ELTE-universitetet. Denne utdanninga er ikkje godkjend i Noreg, og psykologane må ha tilleggsutdanning for å kunne gå inn i psykologstillingar ved sjukehusa. Barn og ungdom i Møre og Romsdal må vente i 75 dagar på behandling, medan kravet er maksimalt 40 dagar. – Ventetida er uakseptabel lang, seier Sandbu.

Henrik A Sandbu
Foto: Eivind Aabakken / NRK