Hopp til innhold

Psykiatrisk avdeling i Ålesund får kritikk

Psykiatrisk avdelingt ved Ålesund sjukehus braut helselova då dei behandla ein pasient som var innlagd ved sjukehuset. Det slår fylkeslegen fast

Ålesund sjukehus

Ein pasient ved psykiatrisk avdeling i Ålesund fekk ikkje forsvarleg helsehjelp, meiner fylkeslegen.

Foto: NRK

Pasienten vart frivillig innlagt på vaksenpsykiatrisk avdeling i Ålesund. Personen hadde betydelege plager då han kom tilbake frå heimepermisjon. Seinare viste plagene seg å kome frå sjukdom som ikkje handla om psykiatri. Ifylgje fylkeslege Christian Bjelke vart ikkje sjukdomen diagnostisert tidsnok.

– Pasienten fekk hjelp etter kvart, men det var fleire helsepersonell som undersøkte vedkomande før den riktige diagnosen vart stilt. Vi ser at diagnosen burde ha vore stilt tidlegare, seier Bjelke.

Fylkesmannen meiner at det ikkje vart gjort nok for å avklare kva som var årsaka til forverringa av pasientens tilstand og at pasienten ikkje har fått forsvarleg helsehjelp.

Uromeldingar

Christian Bjelke

Fylkeslege Christian Bjelke seier at dei har fått fleire uromeldingar frå psykiatrisk avdeling i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ifylgje Bjelke har fylkeslegen fått fleire uromeldingar frå psykiatrisk avdeling i Ålesund. Bjelke fryktar at mangel på fagfolk og rekrutteringspproblem er årsaka til at alvorleg sjukdom som skal behandlast andre stader ikkje blir oppdaga.

– Vi ser at same avdeling har slite med rekruttering av legar. Vi har difor valt å ikkje gå vidare mot enkeltpersonar. Det har til tider vore stor underbemanning av legar der, seier Bjelke.

Han meiner at helseføretaket må jobbe aktivt for å rekruttere helsepersonell til avdelinga. Han er klar over at det arbeidet pågår, men synest det tar for lang tid.

Har nok personell

Klinikksjef for psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal, Ketil Gaupset, er ikkje einig i fylkeslegen sin kritikk.Han seier problemet med å rekruttere legar ikkje gjeld den omtalte avdelinga.

– Vi har god rekruttering på avdelinga og alle stillingane er fylt. Vi har ingen eller liten bruk av vikarar, seier Gaupset.

Kva er då grunnen til at pasienten ikkje fekk forsvarleg hjelp?

– Vi har fått ein frist til 1. juni med å svare fylkeslegen og difor kan eg ikkkje kommentere saka, seier Gaupset.