Hopp til innhold

Professor hardt ut mot Mannen-evakueringane – meiner raset ikkje er nær

Innbyggjarane ved Mannen vart evakuerte seks gonger på tre månader. – Unødvendig, meiner professor. Men NVE varslar endå fleire evakueringar neste år.

Fjellpartiet Veslemann i Rauma

RASUTSETT FJELL: Seks gonger på under tre månader har farenivået ved Mannen blitt sett til raudt nivå, noko som betyr at innbyggjarane må evakuerast. Men det store raset let framleis vente på seg.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Evakueringane ser ut til å vere baserte på store rørsler i toppen av fjellet. Det store skredet føreset derimot at det losnar i botnen. Og det meiner eg evakueringane må basere seg på.

Det seier Harald Norem. Han er pensjonert professor i vegbygging ved NTNU og har dessutan 13 års erfaring frå skredgruppa til Norges Geotekniske Institutt.

Norem legg til at rørsler i toppen av fjellet kan føre til steinsprang, men ikkje som er farleg for innbyggjarane.

– Det er først når heile skredet kjem at det er ein fare for busetnaden, meiner professoren.

Harald Norem

KRITISK TIL MANNEN-EVAKUERINGANE: Harald Norem meiner det blir lagt for mykje vekt på rørslene i det øvste partiet i fjellet.

Foto: Mona Sprenger

Seks evakueringar

Frå 2014 og fram til i sommar vart dei 11 innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma evakuerte fem gonger.

Denne hausten har det tatt heilt av med heile seks evakueringar på under tre månader.

Det har vore ein fortvila og usikker situasjon for mange, ikkje minst for innbyggjarane sjølve – som har flytta fram og tilbake heile hausten.

Unntakssituasjonen er no sannsynlegvis over for i år, etter at NVE sette farenivået til gult måndag.

Harald Norem meiner ikkje at alle evakueringane nødvendigvis har vore feil. Han forstår at NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) vil vere den sikre sida når dei set farenivået til raudt. Men Norem meiner situasjonen ikkje er så ille som pressekonferansane tyder på.

Pressekonferanse med NVE og Rauma kommune om mannen.

OMDISKUTERTE PRESSEKONFERANSAR: Harald Norem kritiserer dei mange pressekonferansane om Mannen frå Rauma. Han meiner ein kan få inntrykk av at situasjonen er verre enn han er. Her ser vi geolog Lars Harald Blikra og Rauma-ordførar Lars Olav Hustad under ein av dei mange pressekonferansane.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Lett for utanforståande

Det tilbakeviser seksjonsleiar i NVE, Lars Harald Blikra. Dei kan ikkje gjere noko som kan setje liv i fare.

Til Norem sin påstand om at det er rørslene i nedre del av fjellet som betyr noko svarer Blikra at det er meir komplisert enn som så. Rørslene i øvre del og nedre del heng saman.

– Vi har ofte vore i tvil, men vi kunne også ha sett farenivået til raudt fleire gonger. Det er enkelt for utanforståande å ha sterke meiningar, men dei sit ikkje med det daglege ansvaret, seier Lars Harald Blikra.

Mannen

FORSVARAR EVAKUERINGANE: – Alle er einige om at det er ei stor belastning med mange evakueringar. Men vi må ta omsyn til den kunnskapen vi har. Det kan ikkje gjer noko som går på kostnad av liv, forklarer geolog Lars Harald Blikra Blikra.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Fleire neste år

Geologen legg ikkje skjul på at det har vore ein eksepsjonell haust. Det skuldast mellom anna ein tørr sommar med etterfølgjande mykje nedbør i haust.

Men det er ingen grunn til å tru at det blir færre evakueringar neste år.

– Eg fryktar det blir fleire. Vi kan faktisk rekne med fleire neste år. Det er framleis store massar igjen i fjellet, seier Blikra.

Ingen veit når det store skredet kjem, men ifølgje Harald Norem blir det sannsynlegvis langt fram i tid.

– Så lenge rørslene har ei konstant hastigheit ligg det fram i tid. Det er ingen indikasjonar på at det skjer neste vår eller om to-tre år. Det er ein føresetnad at det kjem akselererande rørsler i kritiske område.

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

Ingen veit når det vil kome eit ras frå fjellet Mannen, men geologene veit at det vil skje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL