Hopp til innhold

Dei evakuerte får flytte heim for 11. gong: – Drøymer ofte om raset

Etter den sjette evakueringsperioden på to månader får dei 11 innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen flytte heim.

Anita Walstad Sogge

DRØYMER OM RAS FRÅ MANNEN: Innbyggjar Anita Walstad Sogge.

Foto: NRK

Dei evakuerte håper no dei kan flytte heim igjen for godt, eller i alle fall at det ikkje blir fleire evakueringar i år.

– Eg er i grunnen ikkje så redd raset. Det er evakueringa eg er mest redd. Men eg drøymer ofte om at det går ras, sa Anita Walstad Sogge då ho og foreldra Gunn og Jørgen gjesta NRK-programmet Norge nå måndag kveld.

Snø på Veslemannen

NVE – Norges vassdrags- og energidirektorat – bestemte nemleg tysdag morgon at farenivået blir sett ned til gult nivå – etter at det har vore raudt sidan laurdag.

Det har vore mindre rørsler i fjellet sidan søndag og det er kalde meldingar framover, noko som gjer det mindre sannsynleg at det går større ras.

– Det er snøbyer på Veslemannen, noko som fører til dårlegare radardata med ein del støy på målingane. Trenden for redusert hastigheit er derimot klar, og er blitt observert over ein lengre periode, står det i grunngjevinga til NVE.

Under pressekonferansen i Rauma tysdag morgon la geolog Lars Harald Blikra til at det er meldt heile 10 minusgradar i det rasutsette fjellpartiet til helga.

Familien Walstad Sogge

SLITNE: Gunn Walstad Sogge og Jørgen Sogge med dottera Anita i midten under Norge nå-sendinga måndag kveld.

Foto: NRK

– Vi er slitne

Gunn Walstad Sogge, Jørgen Sogge og dottera Anita er tre er av dei 11 innbyggjarane som har blitt evakuerte frå området ved Mannen 11 gonger sidan 2014 – og seks gonger sidan i sommar.

Det er ein situasjon som tek på for heile familien.

– Eg blir like oppgitt kvar gong. Ein tenkjer «ikkje no igjen». Så må vi hive oss rundt og pakke. Vi er slitne, men vi håper dette er den siste evakueringa i år, seier Gunn Walstad Sogge under Norge nå-sendinga frå Rauma.

Vand med ras

Gunn Walstad Sogge

LEI: Gunn Walstad Sogge er sliten etter seks evakueringar på to månader i år.

Foto: NRK

Sogge synest det er periodane før evakueringa som er dei mest slitsame.

– Vi må heile tida vere førebudde på at det kan vere raudt farenivå. Eg er ikkje redd for sjølve raset, men meir for alt stresset før evakueringane, fortel ho.

Mannen Jørgen er vand med å høyre rasa. Han seier at det rasa også ofte før NVE begynte å overvake situasjonen ved Veslemannen døgnet rundt i 2014.

– Eg blir ikkje redd, men evakueringane gjer det vanskeleg å drive gard, seier Jørgen Sogge.

Under pressekonferansen i Rauma tysdag morgon sa ordførar Lars Olav Hustad at dei evakuerte no reagerer med glede på at dei kan flytte heim.

– Og dei håper at dette vart den siste evakueringa i år, sa Hustad.

Intervju med familien Walstad Sogge i Norge nå. Programmet vart sendt frå sivilforsvaret sitt telt i Rauma, ikkje langt frå Veslemannen.