Damene ga seg god tid og viste stor interesse då dei blei presenterte for anerkjent norsk design av direktør i Norsk designråd, Jan Stavik.
Sjå fleire bilde frå presidentbesøket
Forseinka program
Dronning Sonja med følge landa på flyplassen på Vigra i formiddag. Deretter var følgjet på besøk hos klippfisk-produsenten Brødrene Sperre på Ellingsøya.
Dronninga, prinsesse Märtha og det portugisiske presidentparet får smake på klippfiskrettar av kokk Jan Arne Hove hos Brødrene Sperre på Ellingsøya
Følgjet kom til Brødrene Sperre på Ellingsøya litt før klokka 12. Der fekk det portugisiske presidentparet sjå på produksjon av norsk klippfisk.
President Jorge Sampaio var spesielt imponert over klippfisksuppa
Klippfisksuppa imponerte
Klippfisk, som er ein portugisisk favoritt, fekk følgjet servert smaksprøver på i fleire variantar. Den portugisiske presidenten var spesielt imponert over kokk Jan Arne Hove si klippfisksuppe, og ville ha oppskrifta.
Dronninga og Prinsesse Märtha er vertskap for det portugisiske presidentparet som er på statsbesøk i Noreg.
Skulebarn i Ålesund venta med flagg og blomar
Besøket blei avslutta med lunsj på Ålesunds tak, Fjellstua, med panoramautsikt over sunnmørsbyen.