Hopp til innhold

– Denne prisen er noko alle naturfotografar drøymer om

To norske fotografar har blitt premiert i det som blir sett på som naturfotografane sin «Oscar».

Spekkhogger

Audun Rikardsen blei premiert for bildet sitt i kategorien «Under Water». Bildet tok han ved å henge over båtripa på Fiskebåten «Reinefangst». Kameraet hadde han på ei lang stong. Sjå heile bildet lenger nede i saka.

Foto: Audun Rikardsen

Den internasjonale konkurransen Wildlife Photographer of the Year gjekk av stabelen i London tysdag. Der blei fotografane Vegard Lødøen frå Møre og Romsdal og Audun Rikardsen frå Troms, premiert for sine naturbilde.

Hvalforsker Audun Rikardsen

Audun Rikardsen har fleire gonger blitt premiert for bilda sine under kåringa Wildlife Photographer of the Year.

Foto: ODD ARNE OLDERBAKK / NRK

– Det er kjempestort. Denne prisen er noko alle naturfotografar drøymer om, seier Rikardsen som blei premiert i kategorien «Under Water».

Bildet tok han på nattetid for snart to år sidan på kysten utanfor Tromsø. Fiskebåten «Reinefangst» hadde nettopp tatt opp nota og det låg framleis ein del sild i vatnet. Like ved svømte ein flokk med spekkhoggarar.

– Eg spurte mannskapet om dei kunne rette den sterkaste lyskastaren ned mot vatnet. Planen min var at det skulle kome sild flytande inn i lysstrålen og at ein spekkhoggar skulle kome å ta den. Det tok ein halvtime, men eg ekk bildet.

– Eit heidersteikn

Rikarsen er til dagleg professor i arktisk og marin biologi ved Universitetet i Troms. Men han er også naturfotograf og har vore premiert fleire år på rad under Wildlife photographers awards. Eit år vann han også fotohistoriekategorien.

– Det er eit heidersteikn og viser at den første prisen ikkje var eit eingongstilfelle. Eg trur mykje av suksessen ligg i det at vi har ein så spesiell, eksotisk og unik natur, kombinert med at eg ofte bruker utradisjonelle metodar og vinklar for å ta bilda mine, seier Rikardsen.

Han vektlegg likevel at det ikkje er prisar, men motiva som motiverer han til å ta bilda.

– Det er prosjektet i seg sjølv som er drivkrafta. Eg får ofte ein idé som modnast ei stund før eg plutseleg ser moglegheita til å sette den ut i livet.

Vinnarbilda frå 2015 kan du sjå her:

Death from above (WPY 2015)
Foto: Audun Rikardsen

Mykje planlegging

Vegard Lødøen frå Valldal blei premiert i kategorien «Animals in their Environment». Han har tidlegare vunne årets bilde i NM i naturfoto. Lødøen fortel at det ligg mange timar med planlegging bak bildet.

– Ideen er fleire år gamal og så har eg prøvd og feila litt før eg til slutt nådde målet. Bildet viser både over og under vatn, så det var både tekniske og praktiske løysingar som måtte vere på plass.

Hjort i Valldal, bilde til Wildlife Photographer of the Year

Vegard Lødøen blei premiert i kategorien «Animals in their Environment». Han fortel at det ligg mykje planlegging bak bildet. Sjå heile bildet lenger nede i saka.

Foto: Vegard Lødøen

– Veldig stort

Totalt 45,000 bidrag frå 95 land var påmeldt konkurransen. Hobbyfotografen synest det er stort at eit av bilda hans har blitt premiert under naturfotografane sin «Oscar».

Vegard Lødøen

Hobbyfotograf Vegard Lødøen frå Valldal i Møre og Romsdal brukte lang tid på å planlegge bildet han blei premiert for. Hjorten var berre nokre meter frå kameraet, og mykje teknisk utstyr måtte vere på plass for å få tatt bildet.

Foto: PRIVAT

– Dette er ei av dei mest anerkjente konkurransane i verda innan naturfoto. Då er det kjempeartig at ein hjort frå Valldal kan konkurrere med eksotiske dyr frå heile verda, fortel Lødøen som deltok på prisutdelinga i London.

Han seier det er gøy å nå ut med bilde av norsk natur, og fortel at han stadig får meir internasjonalt merksemd for bilda sine.

– Heimesida mi er framleis på norsk, men det kan hende at eg må omsette den til engelsk, seier fotografen lattermild. No siktar han mot neste års konkurranse.

– Planen til neste år er allereie klar. Men kva det er blir ei hemmelegheit.

Stor utstilling

Nederlandske Marsel van Oosten blei årets naturfotograf under kåringa, medan Skye Meaker frå Sør-Afrika fekk tittelen årets unge naturfotograf. Alle bilda, inkludert Lødøen og Rikardsen sine bilde, blir vist fram på ei utstilling ved Naturhistorisk museum i London.

Sjå alle bilda her:

© Marsel van Oosten - Wildlife Photographer of the Year
Foto: Marsel van Oosten