– Det er veldig stas, først og fremst fordi dette er udiskutabelt den viktigaste naturfotokonkurransen i verda, seier Knut-Sverre Horn.
Han vann i kategorien «Urban Wildlife» i fotokonkurransen Wildlife Photographer of The Year.
Det er ein internasjonal fotokonkurranse arrangert av Natural History Museum i London. I år blir han arrangert for 59. gang og tysdag kveld var det prisutdeling i storbyen.
– Her konkurrere ein med folk som ikkje gjer noko anna enn å ta naturbilete og jobbar for dei alle største oppdragsgivarane, som til dømes National Geographic. Dette er det største ein kan konkurrere i, og det er sjølvsagt ekstra gøy, seier han.
Ifølge Horn blir konkurransen omtalt som naturfotografanes Oscar. Bilete hans er eitt av 49.957 bilete frå fotografar som kjem frå 95 land.
Vinnarbileta frå kvar kategori blir sendt verda rundt på ein utstillingsturné. Det blir også laga ei bok.
Her kan du sjå vinnarbileta:
Ikkje første gang han vinn
Bilete til Horn er teke i Vardø i Finnmark, og viser silhuettar av krykkjer i midnattssol på ei glasplate full i fugleskit.
– I ei luke på ein times tid rundt midnatt, så får du denne effekten og ser silhuettane av krykkjene som blir teikna på glasfibrane.
Han har prøvd å fange bilete fleire gongar, men tåke, lysforhold og vêr har gjort at han må ha vore tolmodig.
– Eg har vore tilbake om igjen og om igjen. Eg har teke sju sånne midnattssol-augeblikk dei tre siste somrane. Det skal veldig mykje til for å få det til å fungere, fordi dei silhuettane vil som regel overlappe, og det blir eit forferdeleg rot. Du må vente akkurat på den vesle augneblinken der det kjem tydelege silhuettar og du ser kva som eigentleg går føre seg, seier han.
Men det er ikkje første gong Horn har nådd til topps i Wildlife Photographer of The Year. I 2021 hadde han beste bilete i kategorien «Natural Artistry».
– Det er stas. Ein kan jo ha flaks ein gong i livet og nå opp i ein eller ein annan konkurranse. Målet er å komme tilbake å vinne ein gong til, og vise at ein har noko å gjere saman med dei alle beste naturfotografane i verda. Det å vinne meir enn ein gong, gjer det litt ekstra spesielt.
Norske fotografar i verdstoppen
Leiar for Norske naturfotografar, Roger Brendhagen gratulerer Horn med prisen.
Han seier prisen Wildlife Photographer of the Year er ein av dei største ein kan vinne som naturfotograf.
– Han heng høgt.
Brendhagen fortel også at Horn verkeleg har fått det til som naturfotograf.
– Han har ein humor i bileta som kanskje ikkje alle ser. Han tek bilete som stikk seg ut.
Brendhagen sit sjølv i ein del juryar for forskjellige fotokonkurransar og han seier dei alltid ser etter noko som skil seg ut.
– Vi ser alltid etter noko vi ikkje har sett før. Det kan vere at det er ein spennande art, ein interaksjon blant dyr, lyset eller utsnittet som er spesielt. For i slike konkurransar er det gjerne fleire tusen eller hundretusen bilete som kjem inn.
Ifølge leiaren er faktisk norske fotografar i verdstoppen på naturfoto.
– Vi er ganske få naturfotografar i Noreg samanlikna med andre land i Europa og verda, men norske naturfotografar har klart å hevde seg i konkurransen dei siste 20- 30 åra fordi vi har mykje fin natur. Vi har mange flinke fotografar, og spesielt i nord.
Brendhagen er akkurat no i Finland for å fotografere bjørn, og der har han møtt fotografar frå heile verda som skryt av nordmennene.
– Og litt på tull så lurar dei på «kva er det vi held på med i Noreg». Vi leverer jo mykje bilete av god kvalitet år etter år.
For ordens skuld: Knut Sverre Horn er journalist i NRK Troms og Finnmark.