Hallvard Ramfjord er pollenanalytikar. Han seier at den milde vinteren langs kysten gjer at pollenspreiinga er i gong i fleire fylke.
Foto: NAAFBergen: Vårsprett på Askøy i forrige uke.
Foto: Kristin Bergsvik Skilbrei (@shotsbykristin) / InstagramMildvær: Det har vært over tre plussgrader i snitt i Bergen siste 30 døgn.
Foto: Kristin Bergsvik Skilbrei (@shotsbykristin) / InstagramDen tidlege starten av pollenspreiinga overraskar Norges Astma og Allergiforbund. I I fjor var det ein kald vinter og vår, som gjorde at pollensesongen ikkje starta før ut i april. Det var ein månad etter gjennomsnittsdatoen. I år er situasjonen stikk motsett.
– Ein så tidleg start som dette, tar nok mange på senga. Vi er overraska sjølv også. Vi såg for oss ein potensiell tidleg start, men allereie i byrjinga av februar var ikkje venta, seier Bo Gleditsch i ei pressemelding.
Han er kommunikasjonssjef i Astma- og Allergiforbundet.
- Les også: Vakna med heilt attklistra auge
- Les også: Den tørre vinteren plagar allergikarane
Fire fylke er i gong
Det er i fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane at spreinga av or og hassel er i gong. I Trøndelag er det registrert pollen frå or og då kjem normalt hassel om få dagar. Det er fire veker før normalt. Også i Hordaland er pollensesongen i startgropa.
– På Austlandet og Sørlandet er blomstringsstarten langt seinare fordi dei har hatt snø og vinter, fortel pollenanalytikar Hallvard Ramfjord.
Han ventar at blomstringa av or vil starte rundt 1. mars i dei områda.
- Les også:
- Les også:
Start med medisin
Ein million nordmenn reagerer allergisk på ein eller fleire pollensortar. Rådet frå allergiforbundet er å starte medisineringa ei til to veker før sesongen startar.
– I dei fylka der blomstringa er i gong, bør ein starte medisineringa no, seier Ramfjord.
Sjølv om rådet er å starte med medisin før pollensesongen er i gong, er spreiinga no så beskjeden, at det ikkje er noko krise om ein ikkje rakk det, meiner Ramfjord.