– Vi har litt blå himmel, men ser ikkje sola. Det er stilt og fint og seks grader, fortel Audhild Adele Vold på Jæren.
I nærområdet hennar har snøklokkene titta fram i store tuer.
Mildvêret har meldt seg også i andre delar av landet, og det skal halde fram i dagane som kjem, ifølgje statsmeteorolog Iselin Skjervagen:
– Det ser ut til at det kjem til å halde seg på plussida mange stader i nord og sør denne veka.
I nord vil det bli ei blanding av regn og sludd, likevel held temperaturane seg på plussida mange stader. Plussgradene gjer seg gjeldande også i Sør-Noreg – med unntak av i fjella.
– Det blir opp mot ti grader enkelte dagar, særleg i starten av veka. Det er langs vestkysten og i dei sørlegaste delane av Noreg, seier meteorologen.
Også andre stader enn Jæren har dei første vårblomane meldt seg i mildvêret.
Men det er ikkje uvanleg for februar.
– Det varierer frå år til år, men Golfstraumen gir Sør- og Vestlandet litt mildare klima, seier Kristina Bjureke ved Naturhistorisk museum.
Våt veke i nord
I tillegg til temperaturar må pluss-sida må folk i Nord-Noreg også bu seg på ei «ganske våt veke». Det blir mykje regn og litt sludd, og litt snø i høgare strøk.
– Det blir av og på med byer, og alt i alt meir nedbør enn opphaldsvêr, seier Skjervagen.
I Sør-Noreg startar veka med fint vêr, medan eit nedbørsfelt tek med seg regn til store delar av landsdelen onsdag. Innlandet kan moglegvis få meir opphaldsvêr enn regn, men litt nedbør blir det overalt, ifølgje meteorologen.
Fredag kjem eit nytt nedbørsfelt inn lengst sør i Noreg, og breier seg frå Sørlandskysten og oppover mot Trøndelag. Dette ser ut til å ta med seg ei blanding av regn og sludd, fortel Skjervagen.
Til dømes i Oslo kan det hende vårkjensla forsvinn for ei stund med eit kvitt dryss.
– Men det blir nok ikkje liggande så frykteleg lenge, sidan det er ganske våt snø det er snakk om, seier Skjervagen.
Vekslande vinter
Carlo Aall seier det er uvisst kva som blir dei langsiktige følgjene av «jojo-vintrar», som vi har sett i år.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKVekslinga mellom kulde og mildvêr har også prega vinteren på Vestlandet den siste tida.
– Det er den store endringar som skjer i vinterlandet Noreg, at vinteren begynner å forvitre i begge endar og midt inne i vinteren slår den seg av og på, seier klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking
– Kva som er dei langsiktige konsekvensane av slik av og på-slåing, står att å sjå, seier Carlo Aall.
Aall seier nokre endringar likevel viser seg allereie:
– Du får våtsnøskred på tider og stader der ein er vande med tørre snøskred. Det kjem nok også til å bli ein del andre overraskingar framover, seier Aall.
Fin start på vinterferien
Neste veke er det vinterferie i fleire delar av Sør-Noreg, men enno er det litt tidleg å slå fast heilt fast korleis vêret blir.
– Det ser ut til at måndagen er ganske fin for heile Sør-Noreg. Det blir kanskje litt meir nedbør i Trøndelag, men ganske mykje opphaldsvêr og fint vêr elles, seier Skjervagen.
Tysdag blir det truleg meir regn langs vestkysten av Noreg og opp mot Trøndelag, men store delar av Sør-Noreg elles vil få det fint.
– Førebels ser ut til at kan bli to fine dagar for veldig mange, seier meteorologen.
JÆREN: Jæren 13. februar.
Foto: Audhild Adele Vold