Hopp til innhold

Elektrosjokkvåpen blir permanent innført i norsk politi

Regjeringa har bestemt at politiet skal utstyrast med elektrosjokkvåpen. Det kan føre til at politiet bruker mindre dødeleg makt, meiner Freddy Rotseth, sjef for Beredskapstroppen.

Elektrosjokkvåpen i politiet - Beredskapstroppen

Politibetjenten i Beredskapstroppen har ikkje brukt elektrosjokkvåpenet i reelle situasjonar sjølv, men kollegaene på avdelinga hans har skote mot elleve personar i prøveperioden.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Beredskapstroppen, politiets skarpaste innsatsstyrke, har sidan starten av 2019 vore utstyrt med elektrosjokkvåpen i dagleg teneste. Fire politidistrikt har vore med i prøveprosjektet som har vore leia av Politidirektoratet.

I prøveperioden har politiet skote 90 personar med straumpistol. Beredskapstroppen står bak elleve av disse.

– Det er eit kjempeverktøy for oss i dei situasjonane der det er skummelt for oss å gå for nærme gjerningspersonen, og der vi helst ikkje vi skyte vedkommande, men må stoppe han, seier ein politibetjent som jobbar i Beredskapstroppen til NRK.

På grunn av jobben hans vil han halde identiteten sin skjult.

– Kva situasjonar kan det vere ein fordel med elektrosjokkvåpen?

– Typiske situasjonar kan vere dersom gjerningspersonen har kontaktvåpen, som kniv eller øks, seier han.

Beredskapstroppen forklarer korleis våpenet fungerer.

Justisministeren: Ingen erstatning for generell væpning

Regjeringa har no vedteke at elektrosjokkvåpen skal bli ein vanleg del av utrustinga til alt operativ mannskap i politiet.

Det stadfestar justis- og beredskapsminister Monica Mæland til NRK.

– Det er positivt at politiet kan bruke noko i staden for skytevåpen, seier Mæland.

Blir dette innført fordi det ikkje er fleirtal for generell væpning?

– Nei, dette kjem ikkje i staden for generell væpning. Politiet i Noreg skal vere uvæpna. Det er det fleirtal for. Det er berre i heilt nødvendige tilfelle at politiet skal vere væpna, men difor er elektrosjokkvåpen eit effektivt hjelpemiddel i situasjonar som er veldig krevjande, svarer Mæland.

Kan dette føre til meir bruk av makt?

– Dette skal ikkje erstatte bruk av peparspray eller batong. Dette kjem i den øvre del av maktpyramiden og skal brukast før ein tyr til skytevåpen.

I tillegg til at politiet har skote med elektrosjokkvåpen mot 90 personar i prøveperioden, har dei også trua med å bruke det 105 gonger.

Politiet har vore i fleire situasjonar der elektrosjokkvåpen er brukt i staden for skarpe våpen med ammunisjon. Dette innslaget viser Beredskapstroppen i aksjon i Oslo i juni 2019:

Eit vitne filma arrestasjonen som skjedde på Ankerbrua i Oslo.

– Vi er veldig glade for at dette blir innført, seier politiinspektør Freddy Roseth, sjef for Beredskapstroppen.

Han fortel at hans mannskap har gjort seg gode erfaringar med å ha eit alternativ til vanlege skytevåpen.

– Det positive med dette er at vi kan bruke mindre dødeleg makt for å løyse ei sak, seier Roseth.

Elektrosjokkvåpenet sender ut to piler og når den treff kroppen lammar den nervesystemet som styrer musklane. Spenninga er på inntil 50.000 volt. Våpenet skal normalt ikkje føre til langvarige skader. I prøveperioden har personar fått andre skader, til dømes etter fall i bakken:

(...) kun en pågrepet fikk lette kutt-skader etter fall på glass-skår.

SØR-VEST POLITIDISTRIKT I RAPPORT

POD har registrert tilfeller av lettere skade på motpart. Dette dreier seg hovedsakelig om skrubbsår som følge av fall eller blødning etter treff av pil.

Politidirektoratet i brev til Justis- og beredskapsdepartementet
Elektrosjokkvåpen i politiet - Beredskapstroppen
Freddy Rotseth, sjef for Beredskapstroppen

Elektrosjokkvåpen kan føre til at politiet bruker mindre dødeleg makt, meiner Freddy Rotseth, sjef for Beredskapstroppen.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Vil innføre så raskt som mogleg

Seksjonssjef i Politidirektoratet, Elisabeth Rise, seier til NRK at det er uvisst kva det vil koste med ei generell innføring av elektrosjokkvåpen i politiet, men at dei har utarbeidd eit estimat på rundt 40 millionar kroner.

Det er også uvisst når det er på plass i alle politidistrikta.

– Vi ønskjer at dette skal gå ganske fort. Vi vil bruke 2021 på å lage ferdig ein plan og komme i gang med innkjøp, og så håpar eg at vi kjem eit godt stykke i løpet av 2022, seier Rise til NRK.

Politidirektoratet sende i juni i år over deira faglege tilråding til Justis- og beredskapsdepartementet. Dei går inn for å innføre elektrosjokkvåpen.

Etter å ha fulgt pilot-prosjektet fra oppstart, er det vanskelig å finne noe negativt i evalueringen.

Sør-Vest politidistrikt i rapport
Politidirektoratet, Elisabeth Rise, seksjonssjef

Seksjonssjef i Politidirektoratet, Elisabeth Rise, seier til NRK at dei er glad for at regjeringa støtter tilrådinga om å innføre elektrosjokkvåpen i politiet.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Ikkje alltid eit godt verktøy

I dag er bruken av elektrosjokkvåpen regulert i ein eigen instruks. Politiet kan berre bruke straumpistolen når det er «fare for liv eller alvorlig personskade» og bruken skal vere «nødvendig, forholdsmessig og forsvarleg».

Politiet må også ha vurdert at bruk av mildare maktmiddel, som peparspray, batong eller hender, er utilstrekkeleg.

Prøveprosjektet har også vist at elektrosjokkvåpen ikkje alltid er eit godt verktøy.

– Vi har gjort oss veldig gode erfaringar, men vi har også opplevd at det ikkje har gitt det optimale utfallet, seier Freddy Roseth i Beredskapstroppen.

Våpenet har klare avgrensingar. Faktorar som avstand, tjukke klede og mål som flyttar på seg, spelar inn.

Då ein mann forskansa seg og trua politiet med motorsag og machete, forsøkte Beredskapstroppen først å skyte med straumpistol, men det var ikkje nok, og det enda med at politiet skaut skarpe skot. Mannen døde.

I slutten av august i år blei ein mann skoten og drepen av politiet i Sarpsborg. Advokat Harald Otterstad, som representerer mora til den avdøde, stilte nyleg spørsmål om kvifor det blei nytta skarpe våpen kontra elektrosjokkvåpen.

Etter det NRK erfarer var ikkje patruljen del av prøveprosjektet og hadde difor ikkje tilgang til elektrosjokkvåpen.

Prøveprosjektet har blitt eksternt evaluert av Umeå universitet. Dei konkluderer med at det norske politiets bruk av elektrosjokkvåpen er vesentleg lågare enn det finske og svenske politiet.

I rapporten, som NRK har fått tilgang til, kjem det fram at politiet ofte brukar straumpistol mot personar med psykiske lidingar eller truande åtferd. Amnesty har tidlegare uttalt seg kritisk og åtvara mot overforbruk.

I konklusjonen frå universitetet i Umeå står det at det ikkje ser ut til at tilgangen på elektrosjokkvåpen påverkar «politiets totale bruk av makt».

Freddy Rotseth, sjef for Beredskapstroppen

– Vi har gjort oss veldig gode erfaringar, men vi har også opplevd at det ikkje har gitt det optimale utfallet, seier Freddy Roseth i Beredskapstroppen. Her sit han i ein av bilane deira på Politiets nasjonale beredskapssenter i Nordre Follo.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

AKTUELT NÅ