Hopp til innhold

Planlegg landstraum for Hurtigruten

Fire Hurtigruteskip blir gjort klare for landstraum og no planlegg fleire hamner å kople seg på. Blant desse er hamnene i Ålesund og Molde.

MS Nordnorge ved Storkaia i Molde

MS Nordnorge er eit av skipa som er klargjort for landstraum. Her ligg skipet til kai i Molde

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Når Hurtigruten ligg til kai langs norskekysten vil dei kople skipa på landstraum slik at dei kan slå av dieselaggregata og dermed forureine mindre. Fire Hurtigruteskip er klargjort for landstraum og ytterlegare fem skip skal gjere det same.

I Bergen er hamnevesenet klare til å tilby landstraum frå april. Fleire andre hamner er i planleggingsfasen. I Molde ligg Hurtigruta ligg til kai i ein time, og hamnedirektøren innrømmer at det er på grensa for om det løner seg å kople seg på landstraumen. Likevel vil ynskjer dei å tilby landstraum.

– Vi vil vere med på utviklinga med tanke på hurtigrutedrift i framtida. Det er ikkje sikkert rutene kjem til å gå slik som no. Det kan hende vi får lengre liggetid, seier hamnedirektør Olav Akselvoll.

Olav Akselvoll

Hamnedirektør i Molde, Olav Akselvoll, trur at Hurtigruten kanskje får lengre liggetid i Molde i framtida.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ålesund vurderer landstraum

Også Ålesundsregionens hamnevesen er interessert i å vere med på denne miljøbetringa og har landstraum for Hurtigruten på agendaen.

– Det er positivt med miljøbetringar på sjøtransporten og vi vil gjere alt vi kan for å bidra i denne samanhengen, men det må vere berekraftig. Investeringane må kunne forsvare seg, seier hamnedirektør Ole Christian Fiskaa. Han er også oppteken av at oppkoplinga til landstraumen må gjerast på ein god måte.

LES OGSÅ:

Må koplast kjapt

Rune Thomas Ege

Rune Thomas Ege er kommunikasjonssjef i Hurtigruten.

Foto: Hurtigruten

Det er hamnene der Hurtigruten har lengst liggetid som kan vere aktuelle for landstraum og Hurtigruten ynskjer at dei største hamnene tilbyr dette. Hurtigruten går for ein straumplugg som er mykje kjappare å kople til enn internasjonal standard.

– Vi vil at hamnene som vil tilby landstraum går for ei løysing som er enkel og rask å kople av og på, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege. Han forklarer at Hurtigruten ikkje kan bruke opp til 40 minutt å kople seg på når dei ligg til kai berre kort tid mange stader. Då blir det ikkje mange minutt att å bruke landstraumen på. Dei går for ei løysing som berre tar eit par minutt og krev overvaking frå berre ein person.

Hamnedirektøren i Molde, Olav Akselvoll er usikker på kven som skal betale rekninga.

– Når Hurtigruten stiller med eigne løysingar som går utanom internasjonale standardar, er spørsmålet om det er vi som skal bygge anlegget eller Hurtigruten ynskjer å gjere det sjølv, seier Akselvoll.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL