Hopp til innhold

– Dette blir ei flott påske

Vil du ha snø i påska? Då er det berre å oppsøkje han. Og du treng ikkje reise så veldig langt.

Ørskogfjellet

Slik såg det ut på Ørskogfjellet måndag morgon. Dagen før var det knapt snø å sjå i området. No er det eit tjukt, kvitt teppe på fjellet.

Foto: Tone A Bjerkevoll

Mange trudde at det gjekk mot ei snøfattig påske. Mesteparten av snøen som kom tidlegare i vinter var smelta bort. Men i indre og høgareliggande strok skulle det berre ei snønatt til for naturen vart skinande kvit.

Her på Haugsetra i Ørskog er det kome snø. Dette blir ei fin påske, skriv Tone A. Bjerkevoll i ein e-post til NRK Møre og Romsdal.

Brudelia

Dette er på Brulia øvst i Romsdalen. Det har snødd tett i natt, og brøytebilane er i ferd med å halde vegane opne.

Foto: Marit Elise Brudeli

Dette biletet er teke i dag, øvst i Romsdalen. Snøen kom i natt og har lagt seg som eit kvitt teppe over landskapet.

– Her køyrer brøytebilane i eitt sett, seier Marit Elise Brudeli til NRK Møre og Romsdal måndag morgon. Ho bur øvst i Romsdalen, mellom Verma og Bjorli.

Dette er vêrmeldinga for måndag:

Nordvest liten og periodevis stiv kuling utsette stader, noko minkande i kveld. Regnbyer, snøbyer i høgda.

NRK Møre og Romsdal oppdaterer artikkelen etter kvart som det kjem inn fleire bilete frå lesarane våre.

Bjørke

Dette er på Bjørke i Ørsta måndg morgon.

Foto: Perry Bjørke

Også på Bjørke i Hjørundfjorden snør det tett måndag morgon. Perry Bjørke melder at snøen dalar så tett at det rett og slett er vanskeleg å få festa snøtilhøva til eit fotografi.

Det er ikkje lett å ta bilete når det snør so tett. Men her er eit synleg prov på snø i indre strok. Dette har ikkje meteorologane fått med seg. Vi snøvar heilt ned her i alle fall, skriv Perry Bjørke i ein e-post til NRK Møre og Romsdal.

Frå fleire stader i indre og høgareliggande strøk kjem det meldingar om vanskelege køyretilhøve til måndag morgon. Ingvild Ruland i Sunndal melder om snøslaps i vegen. Og ho har fanga dette motivet frå elvelandskap i snødryss:

Sunndal

Dette er Sunndal måndag morgon. Snøen har lagt eit tynt, kvitt teppe i naturen.

Foto: Ingvild Ruland
Geiranger

Det er i indre og høgare strok at snøen kom i natt. Dette biletet er frå Geiranger.

Foto: Geir Gjørva
Bjorli

Nokre vel å reise ut av fylket i påska. Og rett over fylkesgrensa, i Oppland, ligg Bjorli. Her har det også kome nysnø i løpet av natta.

Foto: Jacob Høyberg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL