Hopp til innhold

Dårleg vêr førte til nesten skadefri påske

Skadetala pleier å vere dobbelt så høge, opplyser Røde Kors. Men ein stad i Telemark blei det spesielt travelt i år.

Røde Kors på plass under isbading på Lifjell

I BEREDSKAP: Telemark Røde Kors har vore rundt på ti ulike plassar i Telemark i påska. Her på Lifjell under isbading.

Foto: Røde Kors

Årets påske viste seg ikkje frå si beste side. I alle fall ikkje vêrmessig.

På store delar av Austlandet har det vore regn og overskya, og sola har knapt vore å sjå.

For Røde Kors har desse feriedagane vore rolegare enn på lenge.

Les også Tar bryllupsreisen på vakt for Røde Kors hjelpekorps: – Føles godt

Nestleder jonas stourup
Kristine Tørnes, hjelpekorps

– Vi har hatt nokre skadar, og det er det kvar påske. Men ikkje noko av dei store hendingane, seier Stian Michelsen, som er operativ leiar i Telemark Røde Kors.

Sjølv om mange folk har vore ute, har dei truleg ikkje lagt ut på dei lengste turane, trur han.

– Ut og lufte seg, og så slappe av litt igjen.

Representanter for Vinje og Haukeli Røde Kors og Porsgrunn Røde Kors sammen på Haukeli skisenter.

Representantar for Vinje og Haukeli Røde Kors og Porsgrunn Røde Kors saman på Haukeli skisenter.

Foto: Kjersti Veel Krauss / Røde Kors

Den «normale påska»

Ei meir roleg påske er den nye normalen, meiner Michelsen. Før pandemien var høgtida travel.

Stian Michelsen

Stian Michelsen er operativ leiar i Telemark Røde Kors.

Foto: Privat

– Det verkar som at folk overvurderte evnene sine og tok vesentleg større sjansar, enn det dei gjer no.

Sjølv om ein ikkje kunne vere ute i skianlegga, var folk framleis ute i terrenget og gjekk på ski under korona-tida.

For Michelsen verkar det som at vi nå tek betre val og planlegg turane betre.

Trass i ei stille veke for hjelpemannskapa, ligg dei ikkje på latsida, forsikrar Michelsen.

– Det er ferskvare, på lik linje med mykje anna. Det går mykje i trening og vedlikehald av utstyr.

Røde Kors i Fyresdal på skirenn

Telemark toppar framleis skadestatistikken, men Røde Kors skriv på nettsidene sine at dei rosar turistane for godt fjellvit gjennom påska i år.

Foto: Røde Kors

197 oppdrag

Kort sagt har påska for Røde Kors bestått av 197 oppdrag og 273 skader.

Blant desse er det 160 henteoppdrag, 21 søkeoppdrag, 3 skred og 13 andre oppdrag.

Det er færre skadar enn normalt, ifølge Røde Kors.

Gjennomsnittleg pleier det å vere meir enn dobbelt så mange skadar i påska, enn det som er registrert i år.

Fram til langfredag hadde dei frivillige vore ute på 140 oppdrag.

Telemark er på skadetoppen i landet og i Drangedal fekk dei ein spesielt travel dag på skjærtorsdag, med heile 12 skadar.

Skadane kom etter ein årleg afterski ved Gautefall skisenter.

– Det var fyll og fest, stort sett, sa kommunikasjonsrådgivar Kjersti Veel Krauss til NRK førre veke.

Les også Brukar påskeferien på å gå sabotørruta – hyllast av veteranar

Iver Sagli Klovholt og Philip Brackenbury skal gå fluktruta til sabotørane under andre verdenskrig.