Hopp til innhold

Lovar fint ver allereie tysdag

Solhungrige påsketuristar treng ikkje vente lenge på sola. Allereie tysdag lovar meteorologane at det blir finever.

Påskesol
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Sit du inne og ergrar deg over at regnet piskar på ruta og vinden blæs, kan du berre ta det med ro: du har noko godt i vente! Allereie tysdag blir det finare ver.

– Tysdag er den første med nokså fint ver, den dagen bør ein nytte. Det blir kanskje nokre byer først på morgonen, men så blir det fint, seier vakthavande meteorolog Anne-Mette Olsen ved Vervarslinga på Vestlandet.

Sjekk kva for skisenter som er opne:

Anne-Mette Olsen

Vakthavande meteorolog Anne-Mette Olsen ved Vervarslinga på Vestlandet lovar sol allereie frå tysdag.

Foto: privat
Fint igjen mot slutten

Vêrmeldingane tyder på eit vekslande ver dei neste dagane. For allereie onsdag ettermiddag blir det nedbør igjen, og dette varer til torsdag kveld, ifølgje Olsen til torsdag kveld. Så blir det bra igjen.

– Då blir det så godt som ingen nedbør, stort sett opphald og ein god del sol.

– Blir det sol frå skyfri himmel?

– Ja, det kan det nok bli i periodar, men med høge skyer av og til. Særleg søndag og måndag blir det varmt og fint, seier Olsen.

Meteorologane snur

Dei siste dagane har vêrmeldingane for påske sett sørgjelege ut, men no ser det altså ut for at meteorologane snur om.

Ingen drømmestart på påsken – yr.no

– Før helga hadde vi ein langtidsprognose som hadde to moglege retningar, seier Olsen, og fortel om eit høgtrykk ved England, som dei ikkje heilt klarte å forutseie retninga for.

– No blir det tydelegvis slik at det blir fint likevel, seier ho.

Forstår at folk vil ut på ski

Meteorologen forstår at mange er opptekne av vêret i påska.

– Mange vil gjerne på ski, og då er vêret viktig. Men det er ingen grunn til å sitje inne sjølv om det er byer ut. Det verste vêret er det ein har frå sofakroken, seier Olsen.

.