Hopp til innhold

Løseth jaktar to gode omgangar og pallplass før OL

To svært gode plasseringar i Austerrike – fem veker før OL. Likevel er det fleire ting Nina Løseth gjerne vil rette på. I hovudsak: Ho skulle så gjerne køyrt svært godt i både første og andre omgang.

Nina Løseth

Saman med systera Mona Løseth, Ragnhild Mowinckel og Sebastian Foss Solevåg, gjer Nina Løseth det skarpt i alpint for tida. Alle dei fire er tekne ut til OL i Sotsji.

Nina Løseth

Nina Løseth ser fram til OL i Sotsji. Før den tid håper ho på si første pallplassering.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Det har vore sånn dei siste renna, veit du. I blant anna Levi hadde eg éin veldig bra omgang , så no må eg få sett saman to gode omgangar. Då kan eg stå i mål og vere verkeleg fornøgd, seier Nina Løseth.

Vi fekk tak i den blide ålesundsjenta seint søndag kveld. Tidlegare på dagen køyrde ho inn til ein femteplass i slalåm – hennar nest beste plassering i verdscupen. Dagen før blei det personleg beste i storslalåm med niandeplass.

– Helga har vore over all forventning, fortel Løseth.

Likevel er der fleire ting ho vil rette på.

Vil sjå det grøne lyset

– Dagen i dag (søndag, journ.anm.) var røff. Eg var veldig misfornøgd med første omgang. Eg gjorde ein feil på toppen og køyrde dårleg, rett og slett, men plasseringa med 11. plass etter første omgang var bra. Eg fekk til ein OK til bra andre omgang, meiner Løseth – som må avslutte med å slå fast at ho er superfornøgd med resultata i helga.

– Så det hadde blitt pallen om du køyrde begge omgangar som den andre omgangen?

– Ja, ikkje sant? Eg har veldig lyst å få til to omgangar der eg føler eg faktisk får maks ut av det eg kan. Når det skjer trur eg det kan bli ganske så artig, fortel den blide sunnmørsalpinisten.

Laurdag kasta ho hendene i vêret etter målplassering og jubla høgt for niandeplass.

– Det er alltid godt å kome i mål og sjå det grøne lyset. Eg har aldri leia i storslalåm, berre i slalåm, så det var kult. Du blir alltid glad når du ser det grøne lyset i mål. Du får ei stadfesting på at du har gjort noko rett.

Helst vil ho derimot sjå det grøne lyset, som signaliserer at du har køyrt raskare enn den som leiar, etter at ho ligg på pallplass etter første omgang.

Saka held fram under videoen.

Nina Løseth lå på niendeplass etter første omgang av storslalåmrennet i Lienz. I andre omgang kjørte hun ned til ledelse og dermed sin første topp ti-plassering i storslalåm i karrieren.

Så glad blei Nina Løseth då ho køyrde inn til karrierebeste i storslalåmen i Lienz laurdag.

Avlyst i favorittbakken

Løseth har medalje frå junior-VM, men ein etterlengta pallplass i verdscupen manglar framleis for 24-åringen frå Spjelkavik. Hennar beste plassering kom i Zagreb i januar i år då ho leverte ein fantastisk finaleomgang og enda på fjerdeplass.

Etter renna i Lienz var det nettopp Zagreb som venta kvinnene i verdscupen.

– Vi skulle eigentleg til Zagreb, min favorittbakke på heile touren, men det er avlyst fordi der ikkje er snø. Så rennet er flytta til Bormio i Italia 5. januar, fortel Løseth.

Merkeleg vêr har vore eit problem for fleire av vintersportane.

– Her i Lienz regna det i dag og vi er snart i januar. I Zagreb er det 10 grader og sol, så der er det ikkje snø.

Nina Løseth

Nina Løseth køyrde ned til gode plasseringar i Lienz i helga som gjekk.

Foto: Giovanni Auletta / Ap

– Hadde blitt ekstra kjekt

Varmegrader litt nedover i Europa. Det blir nok ikkje tilfelle i Sotsji-OL som startar 7. februar – om fem veker. Så langt har ikkje OL-tankane vore mange for Løseth.

– Det har vore veldig få, faktisk. Fokuset er på å slappe av litt dei neste dagane, før det blir trening igjen 1. januar. Eg tek ein dag av gangen og vil fortsette utviklinga som har vore i år.

Nina Løseth er éin av fire OL-klare utøvarar frå Møre og Romsdal . Tre av desse er alpinistar i Løseth, Ragnhild Mowinckel og Sebastian Foss Solevåg. Løseth håper på éin Løseth til – i systera Mona.

– Eg reknar med ho kjem med. Ho har hatt litt stong ut, men tok ein 15. plass i Val d'isere og har vist at ho er i form. Eg trur det berre er eit spørsmål om tid før ho får fleire gode resultat.

– OL skal bli bra uansett, men det hadde blitt ekstra kjekt med to Løseth?

– Ja, det trur eg hadde blitt ekstra kjekt, avsluttar 24-åringen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL