Anna Fenninger frå Austerrike vann rennet med 2,48 sekund betre tid enn Løseth.
– Eg er veldig fornøgd. Dette gjekk mykje betre enn eg hadde trudd. Som alle andre kom eg i mål med ei dårleg kjensle på grunn av dei røffe forholda, og derfor var det ekstra artig å sjå at eg leia, sa Løseth til NTB.
Med startnummer 27 køyrde Løseth seg inn til ein sterk niandeplass etter den første omgangen. I finaleomgangen hadde ho sjuande beste tid, og køyrde i mål til leiing og heldt niandeplassen til slutt.
– Litt rusten
– Eg kjende meg litt rusten, og eg måtte jobbe hardt for å få opp spenningsnivået. Men dette gjekk jo kjempebra. Dette viser at eg også kan få til noko i storslalåm, sa Løseth til NTB.
Det er
for 24-åringen frå Spjelkavik. 12.-plassen frå Beaver Creek før jul var det beste ho hadde frå før i denne disiplinen.Svenske Jessica Lindell-Vikarby leia etter første omgang. Men med berre sjuande beste tid i andre omgang enda ho på andreplass, eit halvt sekund etter Fenninger. Mikaela Shiffrin frå USA vart nummer tre, berre hundredelen bak den svenske jenta.
Mowinckel nummer 18
Også Ragnhild Mowinckel gjorde sine saker bra. Ho køyrde seg opp tre plassar i andre omgang og vart nummer 18.
Den tredje norske jenta i finalen var Mona Løseth. Ho enda på ein 28.-plass.