NRK Meny
Normal

– Dette er ein motivasjon for alle unge

I dag blei det klart at fire utøvarar frå Møre og Romsdal er klare for Sotsji-OL. – Ein stor dag, seier Stig Aambø i skikrinsen.

SKI-US-WORLD-GIANT SLALOM-WOMEN 451912471

Ragnhild Mowinckel vann to fartsrenn i St. Moritz onsdag, før ho ikkje mange timane etter blei endeleg OL-klar.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Stig Aambø

Stig Aambø i skikrinsen gler seg over eit Møre og Romsdal-rikt OL-uttak.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er kjempeartig å få med så mange til OL. For skisporten i Møre og Romsdal er dette ein stor dag, seier Aambø.

Han er administrasjonssjef i Møre og Romsdal skikrins, og gler seg stort over å få med seg tre alpinistar til OL. Han har i tillegg håp om å få med éin til.

– Vanlegvis er det fleire uttak fram mot OL, så det er absolutt mogleg å få med fleire. Vi har framleis håp om at Mona Løseth kjem med.

Skiskyttarane har eit eige forbund, men Aambø synest det er svært bra at Synnøve Solemdal er klar for OL. Av alpinistar er Ragnhild Mowinckel, Nina Løseth og Sebastian Foss Solevåg klare.

Saka held fram under bildet.

Løseth

Nina Løseth (t.h.) er OL-klar, medan veslesøster Mona Løseth forhåpentlegvis blir klar i eit seinare uttak.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix
Sebastian Foss Solevåg

Sebastian Foss Solevåg har imponert så langt i årets sesong.

Foto: Shin Tanaka / Ap

Dobbeltsiger og OL-plass

Det er inga enorm overrasking at nokon av dei fire utøvarane blei tekne ut til OL i Sotsji, men like fullt gledeleg. Synnøve Solemdal vann sitt andre verdscuprenn tidlegare i vinter, medan Løseth og Foss Solevåg stadig klatrar på resultatlistene.

For Mowinckel blei det andreplass i Europacupen tysdag, før det blei dobbeltsiger onsdag. Ho vann både utfor og super-G i St. Moritz.

– Eg har aldri vunne to renn på éin dag før, og det var trykk i dei. Eg er veldig fornøgd, sa Mowinckel til Romsdals Budstikke etter rennet.

Synnøve Solemdal

Synnøve Solemdal tok sin andre verdscupsiger tidlegare i desember.

Foto: PONTUS LUNDAHL / NTB scanpix

Motivasjon for klubbane

Aambø i skikrinsen gler seg over både gode resultat og OL-uttaket, og meiner heile pakka vil slå positivt ut i klubbane i fylket.

– Dette er absolutt motiverande for unge utøvarar. Dei ser at det er mogleg å bli god ved å kome frå Møre og Romsdal, seier Aambø til NRK.

Han rosar samarbeidet mellom klubbane i alpint, som så langt har med tre utøvarar til OL.

– Dette er til stor motivasjon for alle klubbane, det gode samarbeidet og arbeidet som blir lagt ned, meiner han.

Vinter-OL i Sotsji, Russland går frå 7. til 23. februar i 2014.

Les meir om heile uttaket her.

Synnøve Solemdal, Nina Løseth, Sebastian Foss Solevåg og Ragnhild Mowinckel er alle klare for OL i Sotsji.