Hopp til innhold

Påkjenning for pårørande

- Reiarlaget kunne like godt ha nekta å betale bota, meiner advokaten til dei pårørande etter havariet med ankerhandteringsskipet Bourbon Dolphin.

Bourbon Dolphin
Foto: NRK

Slik kunne alle sider ved saka ha blitt belyst, seier advokat Erik Myhr Nilsen.

Vedtok bota - avviser ansvar

Måndag vedtok Bourbon Offshore Norway bota på fem millionar kroner, men dei vil ikkje ta ansvar for det som skjedde. Grunngjeving var mellom anna at det ville vere betre for dei pårørande om dei fekk lagt saka bak seg.

Åtte personer omkom i forliset. Her kan du lese den første saka NRK la ut om forliset:

Fem fortsatt savnet

Ekstra påkjenning

- Dette blir tvert imot ei ekstra påkjenning for dei pårørande, seier advokat Erik Myhr Nilsen. Fleire av dei pårørande hadde heller ønskt at reiarlaget faktisk tok ansvaret for dei feila reiarlaget må svare for og som førte til den tragiske ulukka. Eller at reiarlaget hadde nekta å betale denne bota slik at ein kunne få heile saka belyst gjennom ei rettsak, seier Myhr Nilsen.

Godtar bota på fem millioner

Fastholder Bourbon-bot

Bourbon-frist utsett igjen

Rapport etter Bourbon Dolphin-ulykka

Får utsett bota

-Boten er viktig

Rettsak

Dermed meiner advokaten at det ville ha vore betre om saka måtte for retten. Når reiarlaget no går ut og seier dei ikkje vil ta ansvar , blir det belastande for dei pårørande. Dette burde leiinga i Bourbon handtert annleis, meiner Myhr Nilsen.

- Reiarlaget burde i alle fall ikkje vise til omsynet til dei pårørande når dei vel å godta ei bot som dei ikkje vedgår noko ansvar for, seier Myhr Nilsen til NRK Møre og Romsdal.

Erstatningssak

Advokaten representerer fem familier i sakene etter Bourbon Dolphin-forliset utanfor Shetland i april 2007. Han seier at utsegnene frå reiarlaget ikkje vil få noka betydning for den vidare handsaminga av erstatningssaka.

- Dette har ingen innverknad på sjølve erstatningsspørsmålet. Her har vi ein god dialog med reiarlaget og med forsikringsselskapet. Denne prosessen går sin gang, og vi reknar ikkje med at den gode dialogen skal bli skada av dette, seier advokat Erik Myhr Nilsen til NRK Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL