NRK Meny
Normal

Får utsett bota

Reiarlaget Bourbon Offshore har fått utsett fristen for å ta stilling til bota etter Bourbon Dolphin-ulykka.

Bourbon Offshore Norway i Herøy fekk ei bot på fem millionar kroner etter forliset. Grunngjevinga var blant anna at kapteinen ikkje skulle ha hatt god nok tid til å bli kjend med skipet og oppdraget.

No treng ikkje reiarlaget ta stilling til bota før 18. februar. - Fram til då skal vi gå gjennom saksdokumenta, seier administrerande direktør Trond Myklebust.