Hopp til innhold

Minnemarkering etter Bourbon-ulukka: – Viktig for dei som sit igjen

Det blei dempa minnemarkering i Herøy kyrkje, 10 år etter Bourbon Dolphin-ulukka.

Arnulf Goksøyr under Bourbon-minnestund

Arnulf Goksøyr under minnemarkeringa i Herøy kyrkje onsdag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Åtte tente lys symboliserte dei åtte som mista livet då ankerhandteringsskipet Bourbon Dolphin kantra 12. april 2007.

Ole Dagfinn Sky

Sjømannsprest Ole Dagfinn Sky heldt ein vakkert tale under minnemarkeringa i Herøy kyrkje, etterfølgt av ei framføring av "You Raise Me Up".

Foto: Arne Flatin / NRK

– No er det gått ti år sidan Bourbon-ulukka, vi har hatt veldig lite merksemd kring ulukka anna enn i media, seier Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr.

– No følte vi for å ta regien og gi ei skikkeleg fin og minneverdig markering for dei som kom vekk, og ikkje minst for dei som sit igjen, seier Goksøyr vidare.

Prest Bjørn Gisle Leinebø

Prest Bjørn Gisle Leinebø saman med dei åtte tende lysa til minne om dei omkomne.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bjørn Idar Remøy frå reiarlaget Bourbon Offshore heldt ein rørande tale under markeringa, medan pårørande tende lys.

– Eg oppfatta det slik at det trefte hjarta til dei som trengde det, seier Goksøyr til NRK.

– Det å sjå at så mange er med og hugsar på dette, også i dag, har vore veldig viktig for dei som sit igjen, avsluttar ordføraren.

Minnemarkering i Herøy kykje

Svært mange hadde møtt opp til minnemarkeringa i Herøy kyrkje 10 år etter den tragiske Bourbon Dolphin-ulukka.

Foto: Arne Flatin / NRK