Hopp til innhold

Tre babyar døydde på fire månader - Helseføretaket får sterk kritikk

I løpet av fire månader døydde tre babyar ved fødeavdelingane i Møre og Romsdal. Granskingane konkluderer med svikt hos sjukehusa.

Ålesund sjukehus

Her ved Ålesund sjukehus kom ein av babyane til verda hausten 2019. Foreldra får aldri svar på om eit raskare keisarsnitt kunne berga livet til barnet.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

Tre av babyane som blei fødde i Møre og Romsdal ved årsskiftet 2019/2020 fekk aldri kom heim til familiane sine. Dei døydde under dramatiske omstende på fødeavdelingane. Ein i Ålesund, ein i Molde og ein i Kristiansund.

Helseføretaket har allereie fått kritikk for to av sakene og beskjed om at betre behandling kunne berga livet til begge.

No er også den tredje granskingsrapporten klar:

Både dei tilsette som var til stades under fødselen og leiinga i helseføretaket får på nytt klar kritikk.

Les også Da de fikk se den nyfødte babyen forsto mammaen og pappaen hvor ille det hadde gått

Tore og Renate

– Stor belastning

Foreldra til ein av babyane, Olav Johannes, har tidlegare fortalt historia si til NRK om det som skjedde på Molde sjukehus i mars 2020.

Foreldra til barnet som blei fødd på Ålesund sjukehus nokre månader før ønskjer ikkje å seie noko om fødselen eller konklusjonen til Statsforvaltaren.

– Foreldra opplever merksemd rundt tragedien i 2019 som ei stor belastning, seier foreldra via sin advokat. Dei ønskjer ro og vil difor ikkje kommentere saka ytterlegare.

Då barnet kom til verda pusta det ikkje. Etter kort tid blei det konstatert omfattande skadar på indre organ.

To døgn seinare blei det bestemt at behandlinga av babyen skulle avsluttast, og etter kort tid døydde barnet.

– Ingen nye saker i ettertid

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier det er uvanleg at tre babyar døyr ved fødselen på så kort tid i samme fylke, og at det er vanskeleg å seie noko om årsaka. Ho seier det ikkje har skjedd liknande dødsfall på fødeavdelingane etter mars 2020.

– Vi veit at helseføretaket jobbar med kvaliteten, og vi har ingen grunn til å seie at det ikkje er trygt å føde i Møre og Romsdal, seier ho.

Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen karakteriserer saka som svært alvorleg, og seier at det ikkje er registrert fleire liknande dødsfall på fødeavdelingane etter mars 2020.

Foto: Remi Sagen / NRK

Blei sett i gang på overtid

I rapporten frå Statsforvaltaren kjem det fram at overvakinga under fødselen ikkje var god nok:

Statsforvalteren finner at det burde blitt gjort keisersnitt på et tidligere tidspunkt og at helsehjelpen som følge av dette ble uforsvarlig

Rapporten frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren meiner overvakinga av babyen sine hjarteslag viste at noko var gale allereie dagen før. Samtidig konkluderer Statsforvalteren med at det var ei klar forverring utover ettermiddagen den aktuelle dagen, og at det ikkje burde gått 2 timar og 15 minutt før babyen var ute.

Statsforvaltaren strekar samtidig under at det ikkje er mogleg å fastslå om det kunne redda babyen.

Lovbrot på fleire punkt hos leiinga

Kritikken går ikkje berre til dei tilsette som var på vakt på fødeavdelinga.

Statsforvaltaren er svært kritisk til at helseføretaket ikkje har evaluert og sett i gang rutineendringar etter dødsfallet, men venta på resultatet av granskinga:

Denne saken er dessverre et skrekkeksempel på hvordan saksbehandlingsprosesser kan trekke ut i tid, og understreker viktigheten av at virksomheten selv evaluerer de alvorlige hendelser som oppstår selv om saken også er meldt til tilsynsmyndigheten

Rapporten frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal får også kritikk for å ha venta i over eitt år med å sende inn journalar og dokument som Statsforvaltaren spurte etter:

«Forsinket og særdeles oppstykket informasjonsformidling fra helseforetaket har ikke bare forsinket saksbehandlingen vesentlig; det har også medført ytterligere svekket tillit til helsetjenesten hos foreldrene».

Det har gått over to år sidan dødsfallet på fødeavdelinga til konklusjonen etter granskinga er klar.

Helseføretaket er ikkje samd

Helse Møre og Romsdal er ikkje samd i kritikken og viser til at avdelinga følgjer nasjonale retningslinjer ved fødslar.

– Ei rekkje fagpersonar har vurdert registreringane undervegs og i ettertid. Dei skil seg frå vurderingane til Statsforvalteren, skriv avdelingssjef Eli Bente Langva i ein e-post til NRK.

Eli Bente Langva

Avdelingssjef Eli Bente Langva ved Helse Møre og Romsdal seier dei er usamde i konklusjonen til Statsforvaltaren.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Meiner helseføretaket då at kvinna fekk forsvarleg hjelp og blei overvaka slik ho skulle – og følgeleg også fekk keisarsnitt på korrekt tidspunkt?

Vi har ei anna vurdering enn Statsforvaltaren og har bedt om dialog for å belyse dette. Det er derfor ikkje naturleg for oss å kommentere denne saka ytterlegare no, skriv ho vidare.

Helseføretaket har fått frist til 1. mars med å gje tilbakemelding på korleis dei no arbeider for å unngå at noko slikt skal skje igjen.

NRK har i ettertid endra artikkelen fordi det sto at barnet fekk for lite oksygen under fødselen. Dette er ifølgje Helse Møre og Romsdal feil.

Les også Fekk tidobbel dose smertestillande under fødsel – både mor og barn i livsfare

Mor og barn