Kreftpasienten frå Kristiansund var midt i sin livs tøffaste kamp mot alvorleg kreftsjukdom då legen på sjukehuset ringde ein januardag i år. Han ville ikkje snakke om kreftdiagnosen eller behandlinga framover, men om tabben dei nettopp hadde oppdaga.
Eit røntgenbilde hadde avdekt at dei ikkje hadde fjerna den 40 cm lange stålstrengen etter eit inngrep i september.
Slik fekk ho vite at ho gjekk rundt med eit framandlekam inne i ei av blodårene sine.
– Eg fekk sjokk og blei veldig redd, seier ho.
Kvinna ønskjer ikkje å stå fram med namn, men NRK kjenner identiteten til pasienten og har lese både klagen hennar og rapportane frå det involverte helsepersonellet på sjukehuset.
Kan ha mistolka bilde
Heller ikkje legane som såg på røntgenbilda etter inngrepet, slo alarm. Stålstrengen var synleg på bilda, utan at nokon oppdaga det. Avdelingsoverlegen skriv sjølv at det ofte ligg operasjonsutstyr på utsida av kroppen, som viser på røntgenbilda. Legane kan dermed ha tolka bildet feil, skriv han.
For stålstrengen låg igjen i hovudvena, som pumpar blod gjennom kroppen.
– Det kunne i verste fall blitt livsfarleg. Eg kunne fått blodpropp, blodåra kunne gått hol på eller stålstrengen kunne grodd fast, seier ho.
Stålstrengen blei brukt i samband med innlegging av eit kateter, og skulle vore fjerna i same inngrepet.
I fjor åleine fekk 37 pasientar utbetalt 4,2 millionar i erstatning fordi kirurgane gløymde igjen utstyr i kroppen etter operasjonar. Det viser tal frå Norsk Pasientskadeerstatning.
– Potensielt farlegare
Sjukehuset har no innført nye rutinar for å unngå å gløyme igjen stålstrengar etter operasjonar.
– Det at feilen ikkje blei oppdaga før etter fleire månader har vore ekstra belastande for pasienten og også potensielt farlegare, skriv seksjonsleiar Per Johan Lans ved Molde sjukehus i ein e-post til NRK.
– Hendinga er svært beklageleg, og slike feil kan over tid bidra til å redusere tilliten til helsevesenet. Dessverre finst det ingen perfekte helsetenester, det viser denne hendinga. Det er likevel viktig at vi lærer av feila som skjer, skriv Lans vidare.
Legen som gjorde feilen kan ikkje huske kva som gjekk galt, og er svært lei seg for det som skjedde, skriv han i sin rapport.
Saka blir no granska av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, etter at nordmørskvinna klaga på det som skjedde.
Kvinna seier ho i ettertid har tenkt at følgjene av feilen kunne blitt fatale. Ho synest det var ei stor ekstrabelastning i ei elles vanskeleg tid.
Foto: privatHåper andre unngår det same
Berre tre dagar etter at legane oppdaga stålstrengen, blei han fjerna ved St. Olavs hospital. 44-åringen har ingen fysiske plager i ettertid, men synest det var ein tøff beskjed å få, berre fire månader etter at ho blei alvorleg kreftsjuk. No håper ho at andre skal unngå noko liknande.
– Eg håper ingen andre må oppleve det eg gjorde, det var ei stor tilleggsbelastning, seier ho.