Norges lover tingrett
Foto: Philip Hofgaard / NRK

Overgrep mot asiatiske småjenter

Oppsummert

Ein sunnmørsmann i 70-åra er dømd til fengsel i 12 1/2 år for overgrep via videochat mot 65 asiatiske jenter. Dei minste skal ha vore babyar. Han var tiltalt for til saman 129 forhold, og vedgjekk alle i retten i januar 2019. Dommen er anka.

  • Identifiserer straffedømt

    Ein mann i 70-åra, som nyleg blei dømt for seksuelle overgrep mot asiatiske barn via Internett, blir namngitt i fleire innlegg på Facebook, skriv Vikebladet/Vestposten. Denne domen er anka. Ei kvinne som har lagt ut både bilde og namn av mannen reagerte på at han var på ein stad der det er mange barn. Til avisa seier ho at ho er førebudd på å bli straffa, men at det viktigaste er å verne barna.

  • Overgrepsdømt anker dommen

    Mannen i 70-årene fra Sunnmøre som ble dømt til tolv og et halvt års fengsel for å ha bestilt overgrep via internett mot 65 jenter på Filippinene, anker dommen. Han ble dømt for å ha bestilt direktesendte overgrep mot 65 filippinske jenter.

  • Ankar dommen for overgrep

    Sunnmørsmannen som er dømd til fengsel i 12 1/2 år for omfattande overgrep mot 65 filipinske jenter, ankar dommen. Forsvarar Axel Lange seier dei meiner straffa er for streng og fortener ei ny vurdering i lagmannsretten. Lange meiner domstolen har lagt for stor vekt på jentene sine lave alder, utan å ha tilstrekkeleg bevis for kor gamle dei var då mannen forgreip seg mot dei. Dommen på 12 1/2 års fengsel er ei av noregshistorias strengaste straffer for internett-overgrep.

  • Dømd for overgrep mot 65 born

    Ein mann er i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 12 og eit halvt år for å ha bestillt direktesendte overgrep mot 65 filippinske jenter. Mannen i 70-åra bestillte overgrep mot born heilt ned i spedbarnsalderen.